Ei nifs oppleving vinteren 1937

Ill.foto frå sffarkiv.no

Ill.foto frå sffarkiv.no

KNUT FOSSEHAGEN: Når vintervegen var kjørt over vatnet, vart han rekna som sikker. Men heilt trygg kunne ein ikkje vere. Det hende nemleg at at det kom vassåre i botnen av ei tjørn, og var vegen påkjørt rett over ei slik åre, kunne vatnet gå rundt og svekkje isen, slik at det vart varmehol. Spesielt på Øyangen var ikkje dette heilt uvanleg. Dette hende vinteren 1937:

Vintervegen hadde vore i bruk i lang tid. Og far min og Hans Fauske, som var naboar både heime og på setra, var som vanleg i følgje da dei kjørte heim seterhøyet. Nå var dei på tur innover etter høylass og var komne inn på Årstultjønna. Dei kjørte som vanleg etter kvarandre, og Hans kjørte fyrst, og alt gjekk bra.

Men den fyrste hesten hadde nok skrelt isen, for brått rauk han, og merra som far kjørte, datt gjennom isen og låg og plaska i vatnet.

Hans, som var ein sindig kar, snudde  hesten sin og fekk sleden bakåt der merra låg og baska i vatnet. Karane tok så eit reip og fekk det slengt rundt ola på selen. Ola er eit jern som er festa i olringen og drotten på selen. Ola går gjennom skåka (draget) på sleden, og selepinnen er sett i utafor skåka. Dei tok så repet og festa det i sleden til Hans og kjørte. Merra kom da på sida opp frå vatnet som ein fisk, og ho vart redda.

Men det var kaldt, og enda att eit godt stykke til setra. Der fekk dei ho inn i stallen og pakka ho inn i heste- og sengeklede for å få i ho varmen. Det sat og fyra i omnen i selet og var nok i stallen mange gonger den natta.

Merra var føltung – skulle ha føl til våren. Dei var difor redde for at ho skulle kaste – altså miste følet. Men alt gjekk bra, og dei kom seg vel heim neste dag. Lykka var at dei var to i følgje.

Frå ein artikkel i Fronsbygdin 2012

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn, Setring

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s