Han gjøla henne fast på sleden

hestogsledeKNUT FOSSEHAGEN: Ein gong skulle eit eldre ektepar vere på Kristensetra utover seinhausten og vinteren. Det hadde kome ein god del snø, og det var svært så kaldt. Dei to budde på Kristofferhaugen, det vi i dag kallar Nørdre Ringstad. Kanskje var dei venta heimatt til bygds, så det vart sendt folk innover for å sjå korleis det stod til med dei.

Vintervegen var ikkje kjørt på ennå, og dei som fôr innover, følgde sommarvegen som gjekk frå Sveiphuslykkja, innover Andorsletta mot Jetningen, over elva som kjem frå Veslejetningen og oppver bjørklia til Fiskeløysåsen. Der fann dei mannen. Han hadde vore nøyd til å løyse buksa og var no død – truleg frose i hel.

Hesten såg dei ikkje, men dei såg far etter hest og slede. Da mannen ikkje hadde kome att etter ærendet sitt, hadde hesten snudd og teke vegen innover att til Kristensetra. Dei fann han ved møkkakroken ved fjøset, der han stod og åt høystrå, som hadde vorte med ut med møkka.

Nå fann dei også den døde kjerringa. Ho hadde nok døydd på setra, og mannen hadde gjøla henne fast på sleden og freista å ta henne og kyrne med seg. Men han kom altså ikkje lenger enn til lia ned mot Fiskeløysa, der også han døydde.

Kyrne fann dei att i bjørkelia mot Fiskeløysåsen. Dei hadde funne ein lauvstakk, laga av lauvkjerv, og dei stod og åt av kjervene.

Hendinga gjorde naturleg nok sterkt inntrykk på bygdefolket.

Hesten som hadde vore med på denne hendinga, var på Systugu Rudi i mange år etter dette. Det vart fortalt at han vart kvit på den eine sida som var imot vêret da han stod ved setra. Kulden hadde vore for hard.

I dag er det uråd å finne ut kven desse folka var, vi manglar namn og veit heller ikkje når det hende.

 

Frå Fronsbygdin 2012

 

3 kommentarar

Filed under Jordbruk, Kommunikasjon, Setring

3 responses to “Han gjøla henne fast på sleden

  1. Ola Morken

    Tja?, Det kan ha vært:
    Hans Olsen Rudiejet, 63 år, og Mari Olsdtr. Rudiejet, 63 år, som begge ble begravet i Fron den 10.januar 1833 etter å ha omkommet på¨fjældet.
    Hans Olsen Ringstad som var født ca 1770, var enkemann da han giftet seg med pige Mari Olsdatter Toftekrogen i nov. 1810.

    • Ola Morken

      Så vidt jeg jeg kan se hadde Hans Olsen Ringstad en datter , Marit Hansdatter , døpt 21.2.1799 som han fikk med sin første kone Abelone Olsdtr. som døde i 1809.
      Marit giftet seg med soldat Johannes Olsen Noet i 1820.
      Paret meldte utflytning til Inderøy i 1838 sammen med barna
      Anne f. 1821
      Ole, f. 1824
      Hans f. 1828
      Kari f. 1833
      Abelone f. 1837.

  2. CHG

    Så var den på plass. Takk. 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s