Monthly Archives: mars 2015

Den harde ytinga har gått på helsa laus

Helge Stormorken

Helge Stormorken

HELGE STORMORKEN: Berre den som har vore gjetar, veit kor jævlig geita kan vera. Ho har ein tanke: Å gjera alt som er ulov. Men killingane er dei artigaste av alle dyrungar, så det dempar på synet. Alle bruk og gardar hadde eit utval av husdyr. Dei små kanskje berre ku og gris, nokre få berre «villagris». elles var det både hest, ku gris, sau. høner og mange geit. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk

Kvardagen etter kampane

nr-169-januar-2001RAGNAR ØVRELID: Det var vonde tider i Fron i slutten av april og utover i mai 1940. Tyske soldatar slo seg ned på gardar  og opne stader med alt utstyret sitt og fyrte og kokte så uforsiktig på feltkjøkkena sine nær husvegger at folk vart livredde. Over heile Fron var tyskarar på jakt etter britiske solatar, som hadde stukke seg vekk etter kampane. Folk høyrde stadig skyting. Truslane var klare: Folk som hjelpte engelske eller norske rømlingar, ville bli stilte for krigsrett. Folk måtte halde seg inne mellom kl 23 og 5 om morgonen. Og rykta gjekk om hard tysk framferd mot sivile i andre bygder. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kommunikasjon

Kampane i Kvam dramatisert

kvamkampAutentiske filmklipp og dramatiserte sekvensar frå kampane i Kvam i april 1940 i 2. del av serien «Alliert og alene» på NRK.  Du kan sjå serien på nettet fram til 15. april.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Informasjon

Minnesmerke i Fron: Sinklar-støtta

sinclairRASMUS STAURI OG ARVID ØDEGAARD: Etter slaget i Kringom i 1612 vart oberst Georg Sinclair drepen i striden. Han vart ført til Kvam og gravlagd ved kyrkja, som den gong stod lenger sør enn i dag, ved Vik gard. Det har vore sagt at grava vart lagd utanfor kyrkjegarden, da bøndene ikkje ville at ein fiende skulle liggje i vigd jord. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner

Fløytarunge var vel så bra

Særleg populære var dei hos jentene.

HELGE STORMORKEN: Ei av dei store hendingane var fløytinga. Fløytarane var heltar og beundra for vågemot og evne til å ta seg fram frå stokk til stokk i farleg vatn med hakane sine. Med svarte hattar, fyre opp skikkelege bål, drikke råe egg og andre påfunn, nørte dei godt oppunder statusen sin sjøl au. Særleg populære var dei hos jentene, og ei og anna fekk mén av det. Men folk hadde klart for seg alt da, at arv er viktig både for folk og fe, og fløytarunge var vel så bra som andre.

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Minnesmerke i Fron: Hillingen 26.4.1940

Minnesmerket over dei tre nordmennene som mista livet på Hillingen den 26. april 1940. Dei vart skotne ved den nå falleferdige løa i bakgrunnen. Foto: Per Fredriksen.

Tyske soldatar ved Hillingen etter kampane. Bildet er frå Bundesarchiv i Koblenz og tilhøyrer Kristian Hosar. Foto: Ukjend

RASMUS STAURI OG ARVID ØDEGAARD: På føremiddagen den 26. april 1940 nådde ei tysk kampgruppe fram til heimsetra Hillingen. Etter ein hektisk strid ved ein låve nederst i kvea, fall desse norske soldatane: Gardbrukar og lagførar Mikal O. Mølmen, f. 1913 frå Lesja. Skogoppsynsmann og korporal Torolv Weibye Bjørnsgaard, f 1903 frå Lillehammer. Student og meinig Harry Gether Rønning, f. 1920 frå Oslo. Det er sett opp like minneplater både på Hillingen og ved Krigsminnesamlinga på Kvam i 1995. Gudbrandsdal Forsvarsforening i samarbeid med Gudbrandsdal krigsminnesamling stod bak tiltaket. Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Menn

Harde tak mellom Åa og Sørbygda

sørbygda

Kvam på 1930-talet. «Vi frå Sørbygda måtte ikkje sjeldan redde oss ut skuledøra for å sleppe straff som «bønder».»

HELGE STORMORKEN: Den store verdskrisa i 1920-30 åra gjekk særleg hardt ut over Åa i Kvam. Sjølv om det var fleire frikjøpte husmannsbruk med dyr, gav det ikkje nok til leveleg liv. Arbeid utanom var ikkje lett å få, og utan skilling vart det mangel på mat, klede og sko. Fattigdommen var ein klar fare for helsa og førte med seg mye sjukdom og matmangel, særleg frukt og grønsaker. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Slektsgransking – eit emne utan ende

rkjorstadRAGNHILD KJORSTAD: Lykke til alle som er, eller vil få hug til å kalle seg slektsgranskarar. «Oss e tå samå folkje», sa dei gamle. Einsleg born som eg var, gjorde nok sitt til at eg rekna skyldskapen min lenger utover enn mange i mi tid. Hugsar at eg skreiv liste over tremenningane mine, nestsyskenborn er eit anna ord for det. Syskenborn var og er mest som sysken for meg den dag i dag. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Kvinner, Menn

Minnesmerke i Fron: Kluften-støtta

kluftenstc3b8tte-avduking

Forfattaren Johan Bojer held tale ved avdukinga i 1943.

RASMUS STAURI OG ARVID ØDEGAARD: Relieff på Vinstra utført av Dyre Vaa i bronse på stein til minne om Pål Kluften (1888-1942), forfattar, musikar med meir. Avduka 22. august 1943 av Johan Bojer, som var både pådrivar for ei nemnd og avduka støtta. På grunn av utvidinga av Nedregate vart støtta teke ned og sett opp att på sørsida av kommunehuset. Det var ei markering i august 2002, der Arnfinn Engen heldt tale, det var kunstnarlege innslag, og det vart sagt fram helsingar.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Litteratur, Menn, Musikk

Dei ville helst ha blitt på Veikle

veiklegamleRAGNAR ØVRELID: Veikle var gamleheim i Nord-Fron til 1962, da kommunen selde garden. Det kunne vere over 30 pasientar her. Dei gamle fekk bu i et gardsmiljø. Anna Kjærstad var den siste styraren på Veikle. Ho fortel om dagleglivet der frå 1932 til 1962: Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn