Hustre å passe kverna om vinteren

Fossåa ved Øvre fosse bru på beg ned frå Gompen. Foto: Google maps

Fossåa ved Øvre Fosse bru på veg ned frå Gompen. Foto: Google maps

JENS THULSTRUP INTERVJUAR PETTER SVELLE: Svelle hadde kvern i Fossåa. Det var kaldt og hustre å passe kverna om vinteren i trekkfulle hus, så bestefar, Iver Pedersen Svelle (1825-1891), fekk mura ein peis inni mølla, så ein kunne få litt varme, og slik at møllaren au kunne varme maten sin. Etter at vi gutungane vart store nok, måtte vi au ta ein tørn i mølla. Ein gong begynte eg tidleg om morgonen og skulle halde på til neste morgon. Utpå natta sette eg meg ned på ein sekk for å kvile, men sovna der og da. Brått ropte ei kraftig stemme: «Petter, du har sovna!» Det var i siste liten at eg vart vekt, for mjølet stod nesten oppi kvernkassa. Kvar lyden kom frå, veit ikkje eg.

Det var mye maling i Svellekverna. Frå Toftegardane kom dei med korn, som vart male og sendt til Røros eller Folldal. Dette var ei drug reise med slede eller kløv. Dei reiste om Venabygdsfjellet og overnatta i noko som heitte Helvetet.

Berre steinane att. Bilde frå Synnøve Jørgensen

Det var oldefar, Peder Iversen Svelle, som bygde kverna. Ho var utstyrt med kvernsteinar frå Selbu. Desse vart frakta med båt frå Trondheim til Åndalsnes og frå der med hesteskyss opp gjennom Romsdalen. Det var tunge lass, så ofte måtte dei bruke to hestar i motbakkane. Det var mye godstrafikk mellom Åndalsnes og Lillehammer på den tida. I 1924 installerte far elektrisitetsverk i mølla. Det leverte størm også i mange år etter 1945. Om straumen vart borte i resten av bygda, noko han ofte var den gongen, lyste det difor likevel i utelampene på Svelle og på Bjørkheim Landhandel. I anleggstida var det mykje folk på garden, både bygningsarbeidarar og montørar og mange andre. Dette var ei kei og arbeidsam tid for mor. Alle skulle ha mat, og far forlangte at det skulle vera finare mat enn det vi fekk til vanleg.

Frå Wikipedia:

Fossåa er ei elv i Sør-Fron kommune i Oppland. Den renner ut i Lågen fra sørsida ved Lia sørøst for Hundorp. Utgangspunktet for Fossåa er to elver, Bjørnstulelva som kommer fra Gompen og Steinåa som kommer fra Skjervungen. De renner sammen mellom Tofte og Djupdalen og fortsetter ned gjennom en djup elvedal nedover mot Lia.
Nede i Kleiva danner Fossåa tre imponerende fossefall. Den øverste fossen, Svellefossen, er under Øvre Fossbrua på Fylkesvei 399 (Oppland), Den drev i sin tid et privat elektrisitetsverk for gården Svelle. Fossen nedenfor Nedre Fossbrua bli tidligere kalt Sagfossen eller Isumfossen fordi den drev Isum sag, men der står nå bare murverket igjen. Den nederste fossen er Møllefossen som drev Isum mølle. Mølla er nå nedlagt.

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s