– La oss håpe at kommende slekter forstår

Bjarne Lien 21.9. 1915 - 19.4. 1040

Bjarne Lien 21.9. 1915 – 19.4. 1940

ODD MIDTLIN: Bjarne Lien var den einaste sør-frøningen som fall i kamp under andre verdskrigen. Han fekk mobiliseringsordren den 10. april 1940 og meldte seg straks ved avdelinga si, motormitraljøseeskadronen ved Oplandske Dragonregiment på Hamar. Regimentsjef Jensen fortel dette om kampane Bjarne deltok i:

Tyske soldatar angrip ved Furnes. Forsvarsmuseet

Tyske soldatar angrip ved Furnes. Forsvarsmuseet

Denne eskadronen var ferdig mobilisert 11. april og ble den 14. sendt til området ved Tangen stasjon, hvor også tre av regimentets andre eskadroner ble samlet. Litt lengre syd, ved Strandlykkja stasjon, hadde vi en fremskutt vaktstilling, som tyskerne gikk til andrep på fire ganger, hver dag fra den 14. og til og med den 17., før det lyktes for dem ved hjelp av tungt artilleri, som vi ikke hadde noe å sette opp i mot, å kaste nordmennene tilbake til Tangen.

Natten til den 18. trakk dragonregimentet seg etter ordre tilbake gjennom Stange, hvor det sto en mindre kamp litt syd for stasjonen, og gjennom Hamar til Furnes og Brumunddal.

Tyskerne fulgte langsomt etter og slo seg til ro i Hamar natten til den 19. april. Imens hadde vi ordnet oss til forsvar igjen i Furnes, ca fem km nord for Hamar.

Tyskerne gikk til angrep ved 11-tiden om formiddagen den 19. Og i den kampen som fulgte, var det at Bjarne fikk sin bane. Det mitraljøselaget han tilhørte, hadde stilling nær riksveien, litt syd for der hvor veien tar opp til Høsbjør turisthotell. En stor granat, formodentlig fra en bombekaster, rammet midt i laget og satte hele laget ut av kamp. Bjarne ble hardt såret, brakt til et feltsykehus i Brumunddal, hvor han døde samme dag. Han ble 24 år gammel.

Soknerådet i Sør-Fron organiserte arbeidet med å få reist ein minnestein over han. Planen var å finne ein kleberstein i heimbygda, men det gav dei oppp, fordi det var vanskeleg å finne kleber av god nok kvalitet. Difor vart steinen henta frå Vågå.

Den kjende treskjæraren Peter Sveipe sto for utsmykkinga av steinen. Han hadde hatt Bjarne som handverkselev i to vintrar på folkehøgskulen på Hundorp. Steinen hadde fine, mjuke liner og var svært fint utskoren. Sokneprest Harald Ulvsmoen karakteriserte steinen på denne måten under avdukingsseremonien 5. oktober i 1947:

ein ekte dølastein med dølaroser.

bjarnelienskole

Gudbrandsdal folkehøgskule i 1936. Til venstre foran Petter Sveipe, lærar, som skar gravsteinen til Bjarne Lien. Han står bakerst til venstre. Bilde frå Ole Paulsen.

Det var regimentssjefen hans Bjarne – oberst Jensen – som foretok den høgtidelege avdukinga. I tala si gir han Bjarne rosende omtale:

Jeg tør ikke si at jeg husker Bjarne Lien hverken fra rekruttskolen på Gardermoen eller fra krigsdagene i 1940. Men alle som kjente ham personlig, sier at han var en kjernekar. Han var en god soldat og et godt menneske. Hele hans liv og alt hans arbeide var preget av ærlighet. Hans kameratskap var ekte og uten svik.

Dette stemmer godt med det vi i den nærste familien har fått høyre om «onkel Bjarne» i ettertid frå folk som kjende han godt. Stillfaren. ærleg og påliteleg er ord som går att. Han var einaste guten i ein syskenflokk på fem.

Det var eit frykteleg slag å miste ein kjær bror og son på den måten. Det var han som skulle overt bruket i baksia på Harpefoss. Nå fall alt i grus. Tyngst tok nok bestefar min det, og truleg forkorta tapet av sonen livet hans. Han levde berre til 1942. Seinare vart det foreldra mine som overtok Midtlia.

Mor nemnde sjeldan bror sin. Det var nok fordi det vart for vondt og vanskeleg å snakke om det grufulle som hadde skjedd, trur eg. Såret fekk aldri heilt gro. Og den gongen var det heller ikkje hjelp å få utanfrå til å bearbeide sorga. Eg hugsar likevel mor fortalde at dei snakka med legen som tok seg av Bjarne dei siste timane han levde. Han fortalde om dei alvorlege skadane Bjarne hadde fått, og at livet hans ikkje stod til å redde. I dei små stundene han var vaken, gav han sterkt uttrykk for at han berre ønskte å få dø.

I ettertid viste det seg at heller ikkje kleberen frå Vågå vara evig. Det var på ein måte eit viktig kulturminne som gjekk tapt med den gamle klebersteinen, men forvitringa var kome så langt at han var i ferd med å gå i oppløysing. Men gjennom 60 år hadde steinen vore eit samlingspunkt både 8. og 17. mai.

Av den grunn var det så bra at nokon tok initiativ til å få reist ein ny minnestein når den gamle heldt på å smuldre bort. Det var fleire som påpeikte at den gamle steinen måtte skiftast ut. Gudbrandsdal Forsvarsforenig vart tipsa om saka, og dei tok på seg oppgåve med å få reist ein ny minnestein. Finansieringa ordna dei blant anna gjennom ein liten innsamlingsaksjon.

Den nye steinen er ei gåve frå Ola Alme i Øverbyga. Han har eit skiferbrot ikkje så langt frå garden sin, og derifrå kjem steinen – ein grå, hard naturstein. Teksta er den same som tidlegare.

bjarneliensteinDen nye minnesteinen vart avduka den 8. mai 2008. Avdukinga var det brigader Sigrud Hellstrøm som tok seg av. Han avslutta minnetale si slik:

Jeg takker dem som har tatt initiativet til å holde minnet om sør-frøningen Bjarne LIen i hevd. La oss håpe at kommende slekter forstår hvilket offer han ga for at sør-frøninger og nordmenn skulle få leve i frihet og fred.

Familien sluttar seg til desse orda, og vi vil takke alle som på sin måte har gjort ein innsats for at Bjarne skal ha eit verdig minnesmerke ved Sør-Fron kyrkje også i framtida. Bjarne fortener å bli hugsa for det ofret han gjorde, og vi andre har godt av å bli minna om, innimellom, at fridom har sin pris.

Redigert frå ein artikkel i Fronsbygdin 2009.

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Menn

One response to “– La oss håpe at kommende slekter forstår

  1. Ola Morken

    Heime på Hundorp står det ein kommode som det vart fortalt var gjort av Bjarne Lien. Men noko prov på det trur eg ikkje finns lenger.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s