Vaffelrøre til grevlingungane

Mette etter godt med vaffelrøre? Foto: Bjørn Sørhøy. Frå lepidoptera.no

MARGIT LYKKJOM OG ANTON LØKKEN: Sjølv om det som regel var rolege og fredelege dagar på seter´n, var det eitt og anna som hende innimellom. Eg hugsar godt ei natt eg vakna av eit lurveleven med mjølkespann og bytto utafor selet. I berre nattkjolen sprang eg ut for å sjå kva som var på ferde. Ei grevlingmor kom byksande mot meg.

Grevlingungane dreiv og sleikte i seg ei skikkeleg vaffelrøre eg hadde sett under benken. Eg kom meg berre så vidt heilskinna innafor døra att. Grevlingmora la seg så på dørhella for å passe på at ungane fekk eta røra i fred og ro. Etter ei stund vart det stilt, og eg lista meg ut att for å rydde opp etter kalaset. Denne gongen hadde eg rusta meg med ein klesbankar. Men eg hadde ikkje gått mange stega før grevlingmora kom settandes på nytt. I forfjamselsen trakka eg oppi nattkjolen og datt så lang eg var. I farten fekk eg kasta klesbankaren nto grevlingmora. Ho tok klesbankaren i kjeften og forsvann med ungeflokken diltande etter seg.

Del av ein artikkel i Fronsbygdin 2003  (Dette stykket er sett saman av notat etter mor mi, Margit Lykkjom (1923-2003))

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kvinner, Setring

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s