Daily Archives: 19. mars 2015

Minnesmerke i Fron: Hiorthøy-støtta

Prost Hiortøy ved Sødorp kapell. Foto:   Jan-Tore Egge

Prost Hiortøy ved Sødorp kapell. Foto: Jan-Tore Egge

RASMUS STAURI OG ARVID ØDEGAARD: Relieff utført av Olav Hanslien i bronse, plassert på stein som står på vangen framfor Sødorp kapell. Reist av Fron historielag og Gudbrandsdal historielag. Avduka av Bernhard Hovstad den 23. august 1970. Steinen vart framfunne av Eivind Budberg, som fortalte at det truleg var ein stein etter muring av Sundbrua i 1860-åra. Ivar Brandvol og Ola Rolstad utførte oppsettinga. Nemndmedlem og sokneprest Ingvald Skaare døde brått få dagar før avdukinga. Prost Hugo Hiorthøy har fått æra for «Det Velmeente Froenske Magasin», eit kornstabbur som tente som bank i nær 70 år, frå 1777.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Vaffelrøre til grevlingungane

Mette etter godt med vaffelrøre? Foto: Bjørn Sørhøy. Frå lepidoptera.no

MARGIT LYKKJOM OG ANTON LØKKEN: Sjølv om det som regel var rolege og fredelege dagar på seter´n, var det eitt og anna som hende innimellom. Eg hugsar godt ei natt eg vakna av eit lurveleven med mjølkespann og bytto utafor selet. I berre nattkjolen sprang eg ut for å sjå kva som var på ferde. Ei grevlingmor kom byksande mot meg.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kvinner, Setring