Minnesmerke i Fron: Sinklar-støtta

sinclairRASMUS STAURI OG ARVID ØDEGAARD: Etter slaget i Kringom i 1612 vart oberst Georg Sinclair drepen i striden. Han vart ført til Kvam og gravlagd ved kyrkja, som den gong stod lenger sør enn i dag, ved Vik gard. Det har vore sagt at grava vart lagd utanfor kyrkjegarden, da bøndene ikkje ville at ein fiende skulle liggje i vigd jord.

Etter ofsen i 1789 vart det reist ei trestøtte i staden for ei som hadde reist med flaumen. Denne vart forma som ei trekantplate:

Epitaphium. Her under hviler Her Oberste Georg Jørgen Sikler som falt i Kringlene Aaret 1612 med et Antal af 800 Skotter som blev knust som Leerpotter af et mindre Tal af 3000 bønder af Lesje Vaage Froen og den Bøndernes Andfører det var Berdon Segelstad af Ringeboe Sogn.

Steinstøtta som står på Vik i dag har ei meir nøytral tekst, men her er datoen for slaget oppgitt: 26. august. Denne støtta vart laga av Peder (Per) Hansen Lien, (f 1794) på slutten av 1800-talet. Han var kjend for gravsteinar i kleber og budde i Lien under Stø i Kvam.

 

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s