Slektsgransking – eit emne utan ende

rkjorstadRAGNHILD KJORSTAD: Lykke til alle som er, eller vil få hug til å kalle seg slektsgranskarar. «Oss e tå samå folkje», sa dei gamle. Einsleg born som eg var, gjorde nok sitt til at eg rekna skyldskapen min lenger utover enn mange i mi tid. Hugsar at eg skreiv liste over tremenningane mine, nestsyskenborn er eit anna ord for det. Syskenborn var og er mest som sysken for meg den dag i dag.

Det låg ei gamal bok oppå stugun: Evangeliske Hjerte Speil, trykt i København den 16. august 1704. Med alle sine kunstferdige krusedullar på bokstavane var det ikkje mykje eg skjønte av innhaldet i sjølve boka. Men på innsida av bokpermen var det handskrift, som eg etter kvart kunne tyde:

Anno 1663 den 31te January blef Karye Ifursdatter født til denne Verden.  Anno 1690 den 14de February kom Karye Ifurdatter i Egteskab med Johannes Skaaen, som lefde paa det Syvende Aaret.

Kva er eg, og korleis er det at eg høyrer til akkurat her? Slike tankar har ofte leika i sinnet og blir ei undring utan svar. Ei sterk tilknytning til dei som har vore her før meg, har vore følgje gjennom heile livet. Den gamle boka er eit synleg minne og har nok vore med og fanga mi slektsinteresse. Fyrst mi eiga slekt. Gjennom andre sine notat fann eg at ho Karye Ifursdatter var mi sjette-tippoldemor! Eg skreiv ned dei ymse direkte linene, freista meg på sidegreiner og fann snart ut at eg gjekk meg fast. Eg kom ikkje lenger.

Kyrkjebøkene frå Fron var på Hamar. Det vart eit par turar dit, ein gong berre nokre timar mellom tog eg skulle vidare med. Der oppdaga eg at kyrkjebøkene frå Fron tok til fyrst i 1799. Dei eldre bøkene gjekk med i prestegardsbrannen på Sør-Fron i 1806. Eit godt døme på noko som aldri kjem att.

På 1970-talet fekk Fron historielag tak i mikrofilmar av kyrkjebøkene, og eit apparat som synte teksta på eit klede på veggen. Det var dette utstyret Einar Hovdhaugen nytta da han skreiv dei to banda Gardar og slekter i Fron. Seinare vart det kjøpt eit betre leseapparat med skjerm. Eg vart spurd om å skrive kyrkjebøkene over på papir, slik at fleire kunne få sjå og granske slekta si. Det skulle brukast to lag papir med blåpapir mellom. Dette vart eit endelaust arbeid, og tok snart slutt.

I denne tida vakna interssa for andre si slekt, og kanskje mest norsk-amerikanarar som kom og ville vite kvar dei kom frå. Starten var ein telefon frå prestekontoret, der det var ein amerikansk familie innom. Det hadde eitt namn å gå etter: Anne Kyruvadet (som dei skreiv det den gongen.) Sokneprest Torbjørnsen visste at eg var interessert i slekt og ríngde meg. «Var ho gift med ein frå Skoe?» spurde eg. Ja. Og med det fekk eg ei «ny» stor slekt i USA. Dei to små gutane i familien med dei norske namna Erik og Rolf var mine femmenningar!

Sidan kom det fleire frå USA, og ikkje minst mange brev. Alle ville ha greie på røtene sine og helst vite om den plassen der forfedrane voks opp. Eg er takksam og glad for alle slike gåter eg har løyst. Det blir spanande som ei kryssordoppgåve. Eit namn og eit årstal set tankane i sving, og ein finn fram til kjende namn og plassar. Verre er det ofte å leite seg fram til slektningar i dag.

Så kom datamaskina, og kyrkjebøkene skulle over på eit eige slektsprogram. Det arbeidet vart sett bort mot betaling, vart trykt ut på papir, og så kunne nokre frå Fron historielag gå igang med korrekturretting. Mange feil vart det, kanskje ikkje til å unngå med vanskeleg og ofte utydeleg skrift. Ein skulle ikkje retta skrivemåten til prestane. Om dei skreiv feil, skulle det vera slik. Etter oppretting på dataprogrammet vart det enno ein gong ny korrekturlesing. Det skulle vera og var nok mindre feil nå, men dei var der.

Slik har tida gått, og mange har venta på at kyrkjebøkene frå Fron skulle vere tilgjengelege på data.

Som ein ser, har slektsgransking endra seg mykje. Det er slutt på at ein får sjå eller bla i dei gamle, gulna bøkene på statsarkiva. Prestane sine gotiske bokstavar i eldre bøker er omgjort til vanleg skrift, og etter lette trykk på datamaskina kjem det fram opplysningar om dåp, konfirmasjon, giftarmål og død.

Men ein kan framleis bli harm på prestane som skreiv Moeneiet for Turtop, eller Skurdalseiet for Grisibu. Slike stadnamn går fort i gløymeboka: Snart er det ingen som veit kvar det var. Namneskikken er ôg forandra. Ole og Mari/Marit var dei mest brukte namna. Berre av og til dukkar det opp meir fargerike namn som Tjøstel og Ingeleiv. Alle er oppkalla etter bestefar, bestemor og slekta elles. Og ved dåpen er det støtt brukt tre menn og to kvinner som fadder til ein gut, og to menn og tre kvinner til ei jente. Til born av dei i øvste sjiktet er faddarane ikkje nemnde med fornamn, men til dømes Captain Høyer og Madam eller Jomfru Jarmann. Faddarane var da som nå slektningar eller grannar.

Det er interessant å bli kjend med folk som har levd før oss, finne slektskapen mellom dei, og kvar ho Anne Hansdotter og han Ole Olsen kom til å bu. Arbeidslaus blir ein aldri med slik tidtrøyte.

 

Frå Fronsbygdin 2004

 

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Kvinner, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s