Dei ville helst ha blitt på Veikle

veiklegamleRAGNAR ØVRELID: Veikle var gamleheim i Nord-Fron til 1962, da kommunen selde garden. Det kunne vere over 30 pasientar her. Dei gamle fekk bu i et gardsmiljø. Anna Kjærstad var den siste styraren på Veikle. Ho fortel om dagleglivet der frå 1932 til 1962:

Det var innlagt vatn i hovudbygningen, men for lite, så heile tida måtte det kjørast. Så skulle dei varme vatnet i kjøkkenet og i eldhuset til pasientstellet. Det hadde eit badekar, som dei måtte bere frå rom til rom. Om vinteren fraus ofte  utslagsvasken, så skittenvatnet og dei gammeldagse dostolane måtte tømast på utedoen. Vassklosett var det ikkje på Veikle.

Klesvasken tok dei med ekstrahjelp i eldhuset, der dei vaske ullteppa for hand. dei hadde ein vrimaskin, men ofte var kleda stivfrosne før dei kom i hus. Når huset skulle vaskast, måtte dei bere madrassane ned alle trappene for å banke dei.

På kjøkkenet laga dei det meste av maten sjølve, og mest av produkta frå garden. I krigsåra var det sjølvsagt ein stor fordel at gamleheimen hadde gard,  enda Veikle vart pålagd tvangsleveringar liksom andre gardsbruk. Dei la ned kjøtkaker, salta flesket, laga blodmat og spekepølse. Til pølsene skylde dei tarmar i timesvis. Det var ekstra tungt arbeid, og skaffa Anne ein vond rygg.

Av avfallsfeittet frå slaktinga kokte dei såpe til klesvasken. Til brød- og lefsebaking bruke dei leigehjelp. Dei gamle fekk skikkeleg gardskost, som var betre enn dei fleste var vane med. Graut og mjølk med kaffi og smågodt til frukost. Kjøtmat, pannekaker, steik til middag. Og dessert og saft, som dei laga av bær frå hagen.

Mange kom dit i dårleg forfatning. Dei som var istand til det, tok på seg arbeid. Kvinnene strikka og spann for folk. Elles deltok dei i gardsarbeidet og fekk litt betaling for det.

Det var radio i heimen frå  1930-åra. Elles kom presten jamnt på besøk. Og i jula stilte bygda opp til fest med underhaldning. Da kunne det kome over 100 personar.

Betjeninga som skulle stelle med alt dette, var : Anna sjølv, to på kjøkkenet, to som stelte pasientane, pluss ekstrahjelp til vasking og baking. Det vart ikkje mykje fritid, og slitsamt var det. Likevel fortel Anna Kjærstad at ho låg ikkje ein dag på Veikle. Ho var ikkje hauga på å flytte til det moderne Sundheim i 1962. Betjeninga ville også helst ha blitt på Veikle.

 

Frå Historia om Fron, bind 2

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s