Kvifor er det så mange vekependlarar ?

PendlRAGNAR ØVRELID: For det første er et mangel på arbeidsplassar, eller høvelege arbeidsplassar i Fron. Slik er det i dei andre kommunane i dalen ôg, og slik har det vore sidan jordbruket vart mekanisert frå 1950-talet. Men Fron står kanskje likevel i ein særstilling. Bygda hadde ein stor oppsving med anleggsarbeid frå 1947 til 1960-åra, under den store kraftutbygginga. Over 400 frøningar arbeidde på anlegga i mange av desse åra, pluss alle dei som merka ringverknadene av aktiviteten. Heile bygda var prega av kraftanlegga i 10-15 år. Mange fekk anleggsarbeidet i blodet, så å seie. Da anleggstida var over, hadde maskinar overatt på gardane og i skogen. Mange av dei som jobba og spesialiserte seg i Vinstra-vassdraget og i Harpefossen,følgde med Høyer-Ellefsen til nye oppdrag. Lojaliteten mot firmaet var sterk, det var folk som vart med entreprenøren heilt til Australia. Andre søkte seg ut til anleggarbeid på eiga hand, omkring 1970 drog håpet om eit oljeplattform-eventyr mange til Åndalsnes. Og da den store byggeaktiviteten, som vi særleg hadde i Vinstraområdet, gav seg etter 1980, auka pendlinga enda meir, nå mest til Oslo., Dessutan finst det nokre få som langpendlar til oljeplattformer i Nordjøen.

Dei fleste pendlar nok av eigen fri vilje. Dei kan tene meir ute enn dei gjer heime, dei har kanskje bygt seg dyre hus som skal betalast. Mange unge pendlar fordi dei gjerne vil ut av bygda på eiga hand. Den vidaregåande skolen på Vinstra merkar tydeleg nedgang i søkarar, når det er lett å få pendlarjobb i og omkring Oslo. Mange liker pendlarlivet,og den fridomen det gir og vil ikkje byte med nokon. Men dette er sjølvsagt individuelt.

Frå Historia om Fron bind 2 1991

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kommunikasjon

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s