Denne dagen vart det for få sko

letrud4OSKAR LETRUD: Eg kan ikke hugse at vi svalt, men det var klart enklare kosthald enn det er nå. Det var brukt ein del vassgraut, (byggmjøl, salt og vatn) med mjølk til. Om det var ei tid på vinteren vi ikkje hadde mjølk, kunne det i staden vera brukt heimelaga øl eller surdupp, laga av surost og vatn. Grauten vart au eten kald, særleg om sommaren. Da tok ein gjerne og snudde grauten på tallerkenen, slik at skorpa kom ned. Kald graut vart au oppskoren i strimler og oppattvarmt i mjølk. Smør og poteter, poteter i mjølk og sild og poteter var au mykje brukt. Elles så var det brødsoll og spekeskinke, kjøttkaker og anna kjøtt som var hermetisert på blikkboksar.

I matvegen vart mangt prøvd ut. I desse åra vart det avla både rug, kveite og erter i tillegg til bygg og poteter, som var det mest vanlege. Eg hugsar det vart kokt kveite og mala på kjøttkvern. Denne massa baka så mor brød av (kaku). Potetmjøl vart au laga.

Smøret vart ofte oppblanda med heimlaga smult for å drøye det. Pålegget var heimlaga ost, både kvitost og raudost, syltetøy både av hagebær og villbær. Sukkeret var rasjonert under krigen, så syltetøyet kunne vera nokså surt. Det var brukt mye tyttebær. Plukking av bær om hausten på setra var noko vi barna var med på.

Julekvelden var det lutefisk og mjølkegryn, etter at mor og far hadde stelt ferdig dyra. Så var det gang rundt treet, og vi song fleire av dei gamle julesangane. Sang og gang kring treet vart det au seinare i jula, når vi fekk besøk av andre barn. Kjøpte julegåver kan eg ikkje hugse at det var nokon gong. Det var som regel heimestrikka strømper, labbar, eller det kunne vera større plagg, anten strikka eller sydd.

Sjølv lærte eg å strikke da eg hadde fylt ni år, slik at eg strikka meg strømper.

Ei av jentene hugsar at etter ho hadde lært å strikke, var ho med og strikka rosahoso (selbustrømper) til nokre av dei andre søskena til jul. Slike ønskte ho seg sjølv au, men trudde ikkje ho kunne få det. Ho vart ekstra glad julekvelden, da ho opna pakka, og der var det akkurat slike som ho hadde ønskt seg. Det kom frå bestemor.

Ei av dei andre hugsar ho fekk kjole som var laga av kveitemølsekk. og den vart kvitare for kvar gong han var vaska.

Seks av oss syskena var mellom ni månader og ti år om våren da krigen kom, slik at vi fekk fem år i barndommen, der det ikkje vart all verda å få kjøpt. Det var ikkje så mye å kjøpe for heller. Mangt eit gammalt klesplagg av ymse slag vart av mor omskapt til små kjolar og bukser. Ein gong skulle vi møte same dagen på skulen, fire nokså jamnstore søsken. Det skulle vera legeundersøkelse. Vi var fleire om same skoparet, så denne dagen vart det for få sko. Mor var da oppe på loftet og fann fram eit par som var kasserte. Han som brukte desse skoa, har fortalt at turen til skulen verka ekstra lang den dagen, skorne var i minste laget.

Eg tenkjer ofte attende på dssse åra og syntest vi hadde ein trygg og god heim å vekse opp i. Da minnest eg orda til Ivar Aasen:

Lat oss ikkje forferdrane gløyma,
under alt som me venda og snu;
for dei gav oss ein arv til å gøyma,
han er større enn mange vil tru.

 

Frå ein artikkel i Fronsbygdin 2007

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s