Kvam i mine oppvekstår 1: Ljoset

«Å kunne kvitte seg med parafinlampene var nesten ikkje til å fatte. Både å stelle dei, lufta og brannfare bar med seg utruleg mykje arbeid, utrivsel og hugsott.» Her – Annie Balchen steller parafinlampene på Veidarvon.

HELGE STORMORKEN: Om natta var det ikkje eit ljos å sjå, ei svak lampe ved stasjonen og hotellet, som brann ned i 1934, og to-tre utelamper langs gardrekka hos dei som hadde «abonnert». Ein og annan var ute med oljelykta, elles var det stummande mørkt. Ingen ljos i glasa etter klokka 9-10. Da var folk trøytte av hardt arbeid, ikkje av stress som nå. Klokka 5 kom det ljos att i stugu og fjos.

Strømmen kom åt Kvam k 1923/24. Men det tok mangfoldige år før alle fekk nyvinninga. Folk korsa seg over at det kunne bli ljos utor ein grann tråd – og så sterkt! Og dei som ikkje hadde fått, valfarta dit det var kome. Strømmen kom fyrst frå Loholet, der Sigurd Kongsli hadde installert ein turbin. Men kapasiteten var for liten, så ljoset blunka nesten støtt, og var ofte borte.

Å kunne kvitte seg med parafinlampene var nesten ikkje til å fatte. Både å stelle dei, lufta og brannfare bar med seg utruleg mykje arbeid, utrivsel og hugsott, særleg der det var ungar. Sjøl om ljoset ikkje var så godt som i dag, var det himmelvidt mye betre enn oljelampa til å lese i, ein måtte ikkje gni seg i auga i eitt sett. Eg hugsar vi hadde parafinlykter i god stund, fordi det var lamper berre i fjoset og sume rom, og fordi strømmen svikta så ofte.

Med strømmen kom au eit anna ufatteleg framsteg: el-motoren. Sjøl om bensinmotoren var kjend i mange år, var el-motoren endelaust mye meir praktisk. Krafta – luktfri og fornybar – kunne kom til i leidningar over alt og nytaast så vel ute som inne til mangt og mye. Komfyr og motor til tresking og på sagbruk kom fyrst – kjøleskåp, hushaldutstyr, radio og oppvarming kom så smått framover åt krigen. Nå går like inntil tannkosten med strøm!

 

Frå ein artikkel i Fronsbygdin 2007

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn, Verksemder

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s