Daily Archives: 2. mars 2015

Kvam i mine oppvekstår 1: Ljoset

«Å kunne kvitte seg med parafinlampene var nesten ikkje til å fatte. Både å stelle dei, lufta og brannfare bar med seg utruleg mykje arbeid, utrivsel og hugsott.» Her – Annie Balchen steller parafinlampene på Veidarvon.

HELGE STORMORKEN: Om natta var det ikkje eit ljos å sjå, ei svak lampe ved stasjonen og hotellet, som brann ned i 1934, og to-tre utelamper langs gardrekka hos dei som hadde «abonnert». Ein og annan var ute med oljelykta, elles var det stummande mørkt. Ingen ljos i glasa etter klokka 9-10. Da var folk trøytte av hardt arbeid, ikkje av stress som nå. Klokka 5 kom det ljos att i stugu og fjos. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn, Verksemder