Historia om Bøygen Camping

Bøygen Camping

Bøygen Camping

RAGNAR ØVRELID: På Øygardstugu i svingen rett nord for Vinstra hadde den på mange område aktive Lina Olsen eit lite bruk. I dei første etterkrigsåra registrerte ho at stadig fleire slo opp teltet sitt ved bruket. Ho såg ei inntekstkjelde i dette, sette opp ein utedo og tok avgift av telta. I 1950-åra gikk ho vidare. Fronsbanken ville ikkje gi henne lån, men ho skaffa seg midlar og fekk sett opp nokre hytter til utleige. Hyttene var så velutstyrte at ho kunne leige dei ut til elevhyblar om vinteren. Ho laga eit namn på plassen også: Bøygen. Ibsen og Peer Gynt hadde alt blitt kjenneteikn for Vinstra. Rett nord for Øygardstugu hadde Samvirkelaget sett opp eit svært skilt: Peer Gynt City! Og enda om Peer Gynt prøvde å kome seg utanom Bøygen aldri så mykje, så måtte han stoppe. Tenkte Lina Olsen. Og gjestene kom. boeygen-camping-vinstraTil å begynne med var dei fleste norske, gjerne folk som reiste gjennom her nokså fast, yrkesfolk som kom seint og drog tidleg. Ofte let Linda dei låse seg inn i hyttene sjølv, og så gjorde dei opp betalinga seinare, eller ein gong i halvåret.

Sonen Lars og kona hans Anne Mari overtok Bøygen i 1974, og dei har utvida plassen mykje, til den i dag har 24 vinterbygde hytter, og ovanfor det ei slette med plass til 30 campingvogner, her er bygt nye sanitæranlegg, opphaldsrom osv. I deira tid har det ikkje vore så vanskeleg å få bankane med på å finansiere tiltaka, slik at det var da mora starta. Distriktutbyggingsfondet har også hjelpt til. Problemet med å drive campingplass er først og fremst den korte sesongen, 60 dagar i året med fullt belegg er det dei kan kalkulere med. Da kan ikkje ein campingplass satse på mykje leigd hjelp. Dessutan er det slutt på dei uskyldige tilstandane frå mora si tid. Nå må dei rekne med svinn frå hyttene av dei utrulegaste ting. Det går ikkje å ha ståande dekketøy og bestikk i skapa, nå må gjestene eventuelt låne slikt hos vertskapet.

Men dei aller fleste er skikkelege folk, forsikrar Lar Olsen, rolege familiefolk, mest frå Danmark, Sverige Nederland, som kjem att år etter år. Halvparten blir liggande her ei veke, helst da utlandingane, og særleg for å fiske i Lågen rett nedanfor hyttene. Og fisk får dei.

Og så kjøper dei mykje medan dei ligg her. Middag på kaféane, mat, klede, sko, sportsartiklar, legg at pengar på tilboda i butikkane. Det er billeg i Fron, meiner dei fleste.

 

Frå Historia om Fron, bind 2

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon, Verksemder

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s