Daily Archives: 1. mars 2015

Historia om Bøygen Camping

Bøygen Camping

Bøygen Camping

RAGNAR ØVRELID: På Øygardstugu i svingen rett nord for Vinstra hadde den på mange område aktive Lina Olsen eit lite bruk. I dei første etterkrigsåra registrerte ho at stadig fleire slo opp teltet sitt ved bruket. Ho såg ei inntekstkjelde i dette, sette opp ein utedo og tok avgift av telta. I 1950-åra gikk ho vidare. Fronsbanken ville ikkje gi henne lån, men ho skaffa seg midlar og fekk sett opp nokre hytter til utleige. Hyttene var så velutstyrte at ho kunne leige dei ut til elevhyblar om vinteren. Ho laga eit namn på plassen også: Bøygen. Ibsen og Peer Gynt hadde alt blitt kjenneteikn for Vinstra. Rett nord for Øygardstugu hadde Samvirkelaget sett opp eit svært skilt: Peer Gynt City! Og enda om Peer Gynt prøvde å kome seg utanom Bøygen aldri så mykje, så måtte han stoppe. Tenkte Lina Olsen. Og gjestene kom. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon, Verksemder