Monthly Archives: mars 2015

Hustre å passe kverna om vinteren

Fossåa ved Øvre fosse bru på beg ned frå Gompen. Foto: Google maps

Fossåa ved Øvre Fosse bru på veg ned frå Gompen. Foto: Google maps

JENS THULSTRUP INTERVJUAR PETTER SVELLE: Svelle hadde kvern i Fossåa. Det var kaldt og hustre å passe kverna om vinteren i trekkfulle hus, så bestefar, Iver Pedersen Svelle (1825-1891), fekk mura ein peis inni mølla, så ein kunne få litt varme, og slik at møllaren au kunne varme maten sin. Etter at vi gutungane vart store nok, måtte vi au ta ein tørn i mølla. Ein gong begynte eg tidleg om morgonen og skulle halde på til neste morgon. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk

Historie på loftet

nkpfaneJON STEINHAUGEN: Det var Grethe Skarpnord som fant fana. En fane med stor historisk verdi, da stiftelsesdatoen er 2. desember,  25 dager etter den russiske revolusjonen, 7. november, og ett år før den offisielle stiftelsen av det russiske kommunistpartiet. Og hele seks år før Det Norske Kommunistparti ble stiftet 4. november 1923.  Det er en vakker rød fane, utført som tradisjonell foreningsfane med stiftelsesdatoen og med lagets navn på forsiden. Symbolene på Sør-Fron kommunistlags fane er den tradisjonelle kransen i ekeløv bundet sammen med sløyfe, som symboliserer samhold og solidaritet. Ekeløvet står for styrke. Vannet, fjellet og den blå himmelen er tradisjonelle motiv. Det mest slående i bildemotivet er den vertikale spaden, som må symbolisere arbeidet. Potetgrevet og skogøksa kan ha en dobbel betydning. Øksa kan assosieres med kamp eller skogsarbeid. Potetgrevet assosieres med høsting eller bondeyrket. Les meir

3 kommentarar

Filed under Kunst og handverk

Skiftertavle som kladdebok

68760f8a-95fb-4709-8672-829c65cd2b6e_l

Nå er det innlagt vatn

JENS THULSTRUP INTERVJUAR PETTER SVELLE:  I 1920 begynte eg på Liene skule. På skulen hadde vi ikkje kladdebøker, så vi brukte skiftertavler til å skrive på. Mellom det eg hugsar, er ein lei gutunge som slo bror min i hugu med ei veaskie. Dette fekk læraren tilfeldigvis sjå og kom ut gjennom døra så lagerfrakken stod rett ut i lufta. Guten fekk gjennomgå. Det var lovleg den gongen. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Minne om ein stor trekkspelar

img6427

Karlsrud og Nermoens Gåmmåldansorkester vann NM i gammaldans i 1984. Frå venstre: Konrad Havn (kontrabass), Pål Karlsrud (trekkspel), Ivar Nermoen (trekkspel), Hans Bergum (gitar), Øystein Rudi (fele) og Erik Bjørke (fele). Signe Morken står med pokalen og held tale til vinnarane.

OLE CHR. RISDAL: I romjula 2014 gjekk det bort ein markant skikkelse innan gammaldansmiljøet i Gudbrandsdalen. Ivar Nermoen var ein fantastisk trekkspelar som var med i fleire grupper. Dei fleste hugsar han kanskje best frå Karlsrud og Nermoens Gåmmaldansorkester, som også vann NM i 1984. Heilt til det siste var han fast inventar i Fron Trekkspillklubb. Elles var han med i Helge Hysjuliens gammaldansorkester. Dei deltok i «Kappspel», ein konkurranse i gammaldansmusikk som NRK produserte i 1996. Nermoen budde på Vinstra, men var eigentleg frå Ringebu.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn, Musikk

Minnesmerke i Fron: Per og Bøygen

bøygentreffRASMUS STAURI OG ARVID ØDEGAARD: Steinen eller kanskje steinane, vart reist ved Buvika ved Atnasjøen 10. august 1936, montert av treskjærar Per Haugen og avduka av turistvert Paul Stakston. Haugen hogg inn orda

Her trefte Per Gynt Bøigen.

Steinen vart seinare fløtt til Enden i Sollia. Det er notert at steinen vart reist av ungdom frå Østfold, Oslo, Buskerud, Hedmark og Oppland.

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Kunst og handverk, Litteratur, Menn

Minnesmerke i Fron: Hiorthøy-støtta

Prost Hiortøy ved Sødorp kapell. Foto:   Jan-Tore Egge

Prost Hiortøy ved Sødorp kapell. Foto: Jan-Tore Egge

RASMUS STAURI OG ARVID ØDEGAARD: Relieff utført av Olav Hanslien i bronse, plassert på stein som står på vangen framfor Sødorp kapell. Reist av Fron historielag og Gudbrandsdal historielag. Avduka av Bernhard Hovstad den 23. august 1970. Steinen vart framfunne av Eivind Budberg, som fortalte at det truleg var ein stein etter muring av Sundbrua i 1860-åra. Ivar Brandvol og Ola Rolstad utførte oppsettinga. Nemndmedlem og sokneprest Ingvald Skaare døde brått få dagar før avdukinga. Prost Hugo Hiorthøy har fått æra for «Det Velmeente Froenske Magasin», eit kornstabbur som tente som bank i nær 70 år, frå 1777.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Vaffelrøre til grevlingungane

Mette etter godt med vaffelrøre? Foto: Bjørn Sørhøy. Frå lepidoptera.no

MARGIT LYKKJOM OG ANTON LØKKEN: Sjølv om det som regel var rolege og fredelege dagar på seter´n, var det eitt og anna som hende innimellom. Eg hugsar godt ei natt eg vakna av eit lurveleven med mjølkespann og bytto utafor selet. I berre nattkjolen sprang eg ut for å sjå kva som var på ferde. Ei grevlingmor kom byksande mot meg.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kvinner, Setring

Støtt så godt å kome innpå fjellet

melkespann

Arbeidet fylte livet vårt på ein slik måte at arbeidet gav livet meining. Foto: Anton Løkken

MARGIT LYKKJOM OG ANTON LØKKEN: Kyrne hadde vore bundne til båsen heile vinteren og visste godt kva som skulle skje, når det lei så langt at seterreisa nærma seg. Dei hadde i lang tid kjent lufta av groe og grønt gras, blomar og blømande hegg gjennom dei opne glasa i fjøset. Kvar gong det gjekk i fjøsdøra, rauta dei og drog i banda. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kommunikasjon, Setring

Den harde ytinga har gått på helsa laus

Helge Stormorken

Helge Stormorken

HELGE STORMORKEN: Berre den som har vore gjetar, veit kor jævlig geita kan vera. Ho har ein tanke: Å gjera alt som er ulov. Men killingane er dei artigaste av alle dyrungar, så det dempar på synet. Alle bruk og gardar hadde eit utval av husdyr. Dei små kanskje berre ku og gris, nokre få berre «villagris». elles var det både hest, ku gris, sau. høner og mange geit. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk

Kvardagen etter kampane

nr-169-januar-2001RAGNAR ØVRELID: Det var vonde tider i Fron i slutten av april og utover i mai 1940. Tyske soldatar slo seg ned på gardar  og opne stader med alt utstyret sitt og fyrte og kokte så uforsiktig på feltkjøkkena sine nær husvegger at folk vart livredde. Over heile Fron var tyskarar på jakt etter britiske solatar, som hadde stukke seg vekk etter kampane. Folk høyrde stadig skyting. Truslane var klare: Folk som hjelpte engelske eller norske rømlingar, ville bli stilte for krigsrett. Folk måtte halde seg inne mellom kl 23 og 5 om morgonen. Og rykta gjekk om hard tysk framferd mot sivile i andre bygder. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kommunikasjon