Vil du sjå trollkjerringane i bygda?

Jonsoknatta kan du teikne ein kritring på golvet og skrive Fadervår omkring. Og mumla noko frå Svartboka. Kl 12 kjem trollkjerringane med Stygga sjølv føre.

IVAR KLEIVEN: Dei som hadde hug til å sjå trollkjerringane i bygda, når dei Jonsoknatta hadde møte med Styggmannen sjølv i kyrkja, laut «setjast ne». Men denne nedsettinga var det berre få som forsto å gjera, og så måtte dei nok ha svartboka, skulle det lykkast.

Han som sette ned, krita ein ring på kyrkjegolvet så stor at så mange som ville bli nedsett, hadde plass inni ringen. Så fekk dei ei salmebok dei lyt stå med under haka, fadervåret vart skrive med krit omkring kritringen, og attåt las han som sette ned, noko som ingen fekk høre. det var saktens bøner utur svartboka.

Når det lei innåt midnatt, laut den eller dei som ville sjå trollkjerringane, stelle seg opp inni ringen, for klokka 12 kom trollkjerringane med ´Stygga sjølv føre. Først brukte dei å gå omkring altaret med stygge avlæte og årferd, og sidan hadde dei for seg så mykje ulikt og uhøveleg at det skulle vera fælt å sjå. Det var ikkje alle som bellte å sjå på trollkjerringmøte i kyrkja, veike folk fall uvet og kunne bli tufsne etter i lang tid, men det var farleg å gå ut av krittringen før møtet var slut. Gjekk ein utom ringen, fekk trollkjerringane makt over dei, og da  var det ikkje godt å veta kva som kunne hende, for dei «nedsette» var nok alt anna enn velsett av desse trolltya.

Frå seinare tid er det fortalt om ei nedsetting i Fronskyrkja, som visst har gått føre seg mellom 1840 og -45. Det var mannen på Grov som den tida hadde greie på å setja ned, for han hadde i ungdommen vore skulemeister og var i det heile ein vel opplyst mann. To brør ville endeleg bli nedsett, og kanskje var det eit par med dei ôg. Baketter har eine broren fortald eitkvart om kva dei hadde sett, og da dette spurdest i bygda, vart karane meldte for æreskrenkjing. Dei kom for retten og laut forklare seg. For retten spurde skirvaren (Randklev) den eine av desse to brørne, kven han hadde lært denne nedsettinga av. «Av min sønn Paul, og han er død for halvandet år siden.¨Skivaren spurde vidare: «Så du mig?» «Såg du meg,» ga den andre til svar. Med dette endte det, og saka vart nedlagt.

 

Frå Fronsbygdin 1930

Kommenter innlegget

Filed under Folketru

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s