Medan vi ventar på nye E6

RAGNAR ØVRELID: Skikkeleg køyreveg gjennom dalen kom ikkje før i 1850- og 1860-åra. Reisene sørover og nordover frå Fron gjekk framleis helst med slede på isen om vinteren. Elles måtte dei gjerne kløyvje. Kongevegen frå slutten av 1600-åra var knapt køyrande. Ein Kristianiatur tok to til fire veker, ettersom ein budde sør eller nord i dalen. Mange nordfrøningar drog gjerne frå Ruste til Espeddalen og over til Gausdal.

Amtmannen skriv i 1855:

Ved anlegget av jernbanen og dampskipsfarten på Mjøsen har transporten den største del av distriktet fått en betydelig lettelse. Veiens ufullkommenhet blir da enda mer følelig.

Men i 1850-åra tok arbeidet til på den nye hovudvegen gjennom dalen. I 1861 hadde vegen kome til Jetlund, i 1868 til Sødorp og nordover til Sel.

For frøningane betydde dette at fraktomkostningane til og frå Lillehammer gjekk ned nesten til det halve i åra 1855 til 1875. Ettersom nyvegen vart ferdigbygd, overtok også jernbanen fraktinga over Mjøsa og oppover dalen til Vålebru med store vogner. Og godsmengda steig. Gods sendt gjennom Lillehammer auka frå 1000 tonn til 2300 tonn berre frå året 1852 til 1855.

Nyvegen gjennom dalen frå 1850- og 1860-åra vart eit stort løft for staten, fylka og distrikta. Men vegen var ein teknisk triumf, en brei og flat køyreveg.

 

Frå Historia om Fron, bind 1

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s