Frøningane ville ikkje lese bøker

Men kva om det ikkje hadde vore ei biblioteklov? Frå Sør-Fron bibliotek. Søndre Fron var i alle fall minst negativ dei første hundre åra. Foto: Tron Halle

RAGNAR ØVRELID: Det første biblioteket i Fron fekk ikkje lang levetid. Det kom i stand i 1830, og i 1843 skriv bibliotekaren, klokkar Peder Nilsen, at det har ikkje vore lånt ut bøker dei to siste åra, og at biblioteket nå er oppløyst. Alle dei interesserte hadde nå lese ut bøkene, og marknaden var oppbrukt. Kommunen sette heller ikkje noko inn på å gi biblioteket forlenga liv: Bøkene bør seljast på auksjon til inntekt for skoleklassa, sa dei. Det skjedde i 1844. Så vart det ein pause i leselysta.

Det var ein teologistudent Knudzen og offiserane Hoyer og Coucheron som laga innbyding til bibliotek i 1830. Dei ville ha dei» hederlige og aktverdige bondemenn i Frons prestegjeld» til å få med seg sann opplysning og sann kristendom, dei ville utrydde overtru og lære bonden skikkeleg husstell, fornuftigare åkerbruk og betre utnytting av gardsprodukta. I staden for å kaste bort tida på lediggang og overflødig søvn, burde folk lese ei god bok.

Og når dere i den lange vinterkveld sitter ved den flammende skorsten, omringet av eders husfolk og en munter barneflokk, passer det da ikke godt å lese høyt av en eller annen god bok?

Dei foreslo å kjøpe inn Snorre, Juridisk håndbok for landmannen. Graves nationale fortellinger, Den gode bondes historier og liknande.

Etter 13 hadde altså dei få som las bøker, lese dei alle.

Søndre Fron var først ute med nye bibliotekforsøk. I 1857 foreslo presten Winsnes å opprette almueboksamling. Kommunestyret såg med sympati på planane. Men presten burde først få greie på kor mange som kunne vere villige til å vere med, og kor mykje dei ville betale. Sidan kunne kommunen kanskje tenkje på eit bidrag frå magasinfondet til grunnlegginga av boksamlinga.

Bokskåpet til boksamlinga stod på kommunehuset, der det var utlån laurdag ettermiddag og søndag etter preika. I 1895 vart samlinga delt i tre. Lie og Harpefoss fekk kvar sin tredel.

I 1876 kom det boksamling i gang i Kvikne på initiativ frå folk i bygda. Medlemane skulle betale 40 øre året, fattige fekk låne gratis. Læraren skulle vere bibliotekar. Boksamlinga fekk ein sterk start. Styret kjøpte inn 96 bøker og utvalet er imponerande. Fagbøker om jordbruk, utanlandske og norsk skjønnlitteratur. Årets ferske bøker er med, Jonsl Lie og Bjørnson. Eit par bøker som Alb. Cammermeyers bokhandel i Kristiania hadde sendt, fann styret ut var for sterke og returnerte dei. John Harildstad gav 100 bøker, T. T. Risdal gav også fleire band.

I 1895 var samlinga delt mellom Kvikne og Skåbu.

Enhver konfirmant i Kvikne har lånerett, kontingent 1 kroner året eller 50 øre halvåret.

Utlån kvar fredag kveld mellom 4 og kl 6.

Først i 1887 vart det gjort eit forsøk på å lage folkeboksamling i Sødorp. Ole Teige på Hov foreslo at kommunen og magasinfondet skulle løyve 300 kroner kvar til dette formålet. Men Nordre Fron kommunestyre var avvisande:

Intet at bevilge.

Ti år gjekk. I 1897 søkte Vinstra ungdomslag om bevilling til soknebiblioteket. Nå hadde kommunen kome på betre tankar. Dei løyvde 50 kroner og garanterte for 120 kroner til innkjøp av bøker. Kommunen tok på seg ansvaret for Sødorp-biblioteket og valde styre til boksamlinga: fotograf H.H. Lie, Ole Teige og Ole P. Brandvol. Utlånsstaden var Lømo.

I Kvam var boksamlinga i kyrkjestugu, ved sida av kyrkja. Sigurd Bergum styre med «biblioteket», som stod i et rom frammed kjøkenet.

Alt i alt: Ikkje den store innsatsen frå fronskommunane når det galdt boksamlingane. Det meste vart ordna privat eller av lokale krefter i bygdene. Det meste kommunen gjorde i denne tida, var å støtte opp med nokre få kroner. Minst negativ ser det ut til at Søndre Fron var i dei første hundre åra.

Frå Historia om Fron, bind 1

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Litteratur

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s