Telefon? Nei takk.

Men Nordre Fron kommune vil ikkje ha telefon…

RAGNAR ØVRELID: I 1893 fekk fronsbygdene lokaltelefon. Det gjekk ikkje så fort å få folk til å ta telefonen i bruk. I 1895 kom det henstilling frå Ringebu og Fron telefonselskab om at Nordre Fron kommune burde teikne seg som abonnent. Kommunestyret ville ikkje:

Kommunen finner for tiden ikke tilstrekkelig grunn til å tegne seg, da den i kommunebygningen boende landhandler har telefon.

I 1910 hadde lokaltelefonen i Fron fire sentralar: Hundorp med 56 abonnentar, Vinstra med 43, Kvam med 22 og Skåbu medd 16.

I 1885 fekk ordføraren i Sør-Fron påbod om å forhandle med folk som budde langs hovudvegen, om nokon ville leige bort lokale med lys, brensel osv.  Telegrafstyret kravde to rom, kjøkken og bodteneste på 10 års kontrakt. Det kom eitt tilbod, frå stasjonshaldar Georg Jarmann på Listad. Tilbodet vart aktuelt først i 1889. Da vart telefonlina mellom Lillehammer og Sel opna. Fron fekk to telefonstasjonar, den eine hos Jarmann på Listad, og den andre på gjestgivargarden Moen i Sødorp.

Frå Historia om Fronsbygdin bind 1

 

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s