Namn i Fron: Dei frodige fjellområda

solskjerv

Sol over skjer-vatnet og lykkja med hus til Sveipe

TORMOD STAURI: Namn på vatn og elvar i Fronsfjellet er frå norrøn og urnordisk tid. Når ein veit kor frodige dei nære fjellområda til Fronsbygda er, med ein vokstersesong frå mai til ut september, er det berre å vente at desse områda tidleg vart tekne i bruk, sikkert òg i tider da jordbruket i dalen berre var i emning og fangstkulturen stod mye sterkare enn jordbrukskulturen.

Ta ein namn som Skjervangen i området Toftsetra/Sveiphuslykkja i Sør-Fron vestfjell. Det er samansett Skerva-angren, «skjer-vatnet». Ordet skjer står i genitiv fleirtal, og angr tyder vatn. Namnet passar godt på Skjervangen den dag i dag, og ein ser skjera stikke opp ved lågvatn utpå sommaren. Tydelegare var sikkert skjera før oppdemminga av dette vatnet på 1950-talet.

Litt lenger inne på fjellvidda ligg det store vatnet Øyangen, «øyvatnet». Enda lenger inn, like før nedstiginga til dalen ved Håkåsetrane finn vi Fiskløysa. Dette skulle tyde på at dei gamle visste at der var fisk i vatna omkring.

Det gamle namnet på Vendalsvatnet er Buvatnet, «vatnet med fiskebuer» eller «vatnet til garden Bue».

Nedafor Toftsetrene ligg Nettjerna, som anten må bety den vesle («nette») tjerna, eller tjerna der ein kunne bruke nett som fiskereiskap.

Seterstølen (eller seter`stulen som folk på Fron seier, uttalt som «Tornerose») Sveiphuslykkja i same område må ha fått namn etter garden Sveipe i Nordre Lia i Sør-Fron, ein gard som ligg i dalen beint nedunder, og stølsnamnet betyr «lykkja med hus til Sveipe».

Langs vegen i nordenden av dette området er det i dag ei lita brekke som heiter Liubakken, «Løe-bakken». Den dag i dag ser ein ei glenne etter gammal innmark, som ligg beint mot sør, og blir tidleg berr og grøn. Namnet Liubakken tyder på gamal høydrift til fôr for bufe, anten stort eller lite (ku, sau og geit).

Ikkje langt frå Sveiphuslykkja ligg Ekrehaugsetra, setra til bruket Ekrehaugen nede i Lia i Sør-Fron. Denne setra ligg audsleg til, og noko i skuggen, og kan tyde på at ein har ei seter som ser ut til å ha høyrt eit husmannsbruk til.

Det ein kan forstå ut frå slike namn, som alle er å finne i eit lende over 900 meter over havet, er at det må ha vore mye næringsdrift i fjellet i gamal tid, sikkert heilt ned til førnorrøn tid. Namna eg har trekt fram, er det ein kunne kalle «næringsnamn», namn frå det gamle natural-bondesamnfunnet.

Kommenter innlegget

Filed under Jakt og fiske, Jordbruk, Setring, Språk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s