TORMOD STAURI: Namn på vatn og elvar i Fronsfjellet er frå norrøn og urnordisk tid. Når ein veit kor frodige dei nære fjellområda til Fronsbygda er, med ein vokstersesong frå mai til ut september, er det berre å vente at desse områda tidleg vart tekne i bruk, sikkert òg i tider da jordbruket i dalen berre var i emning og fangstkulturen stod mye sterkare enn jordbrukskulturen. Les meir
Daily Archives: 3. februar 2015
Torger Iverstugun – ein samansett kar
OLE CHR. RISDAL: Etter andre verdskrigen var trekkspelet eit dominerande instrument i dansemusikken i bygdene våre, og fela vart kanskje ikkje halden så høgt. Ein gong Torger Iverstugun gjekk gjennom Vinstra sentrum med fela under armen, var det nokre ungdomar som gjorde narr fordi han hadde fele. Da var Torger ikkje sein om å stoppe kjeften på slynglane: «Døkk e så domme døkk at ha domhæta vore «n sjukdom, som ha ti live tå folk, så ha døkk voré daue for leinjé sea». Spelemannen og komponisten Torger Iverstugun sette spor i den gudbrandsdalske folkemusikken. I 2008 vart det avduka ein bauta av han i Skåbu. På videoen ser du avdukinga. Her kan du høyre han sjølv spele. Denne artikkelen med mange gode historier fortel litt om kven han var og stod for.
Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn, Musikk