RAGNAR ØVRELID: Under krigen og i åra etter gikk det stadig meir slakt frå Fron til Fellesslakteriet i Oslo. Problemer med desse sendingane var at dei måtte ordnast i fellesskap. Produsentane måtte vente til dei kunne sende ei full jernbanevogn med dyr. Fordi gardbrukarane framleis fylgde dei gamle slaktetidene, skulle alle ha sendt dyra av garde samtidig. Da var det ofte leveringsproblem i Oslo. Så seint som i 1946 kunne fleire vogner med sauar bli ståande i dagevis på Grefsen stasjon og vente på tur til slakting. Da kunne det bli den reine priskrigen blant leverandørane på slakteriet også, og det hende at tilboda var så dårlege at leverandørane tok med seg dyra heim att. Les meir
Monthly Archives: februar 2015
Vogner med sau på Grefsen
Filed under Jordbruk, Kommunikasjon, Verksemder
Minnesmerke i Fron: Bukkerittet

Svein Tore Kleppans Bukkerittet på Rondablikk. Foto: Tor Ivan Boine
Skulptur i tre av Svein Tore Kleppan – omtala som nasjonalmonument. Ni meter høg. Plassert ved Rondablikk høgfjellshotell. Avduka av skodespelar Toralv Maurstad 2. august 2000. Reist etter privat tiltak av hotelldirektør Svend-Erik Krogh. Les meir
Filed under Kunst og handverk
Vil du sjå trollkjerringane i bygda?

Jonsoknatta kan du teikne ein kritring på golvet og skrive Fadervår omkring. Og mumla noko frå Svartboka. Kl 12 kjem trollkjerringane med Stygga sjølv føre.
IVAR KLEIVEN: Dei som hadde hug til å sjå trollkjerringane i bygda, når dei Jonsoknatta hadde møte med Styggmannen sjølv i kyrkja, laut «setjast ne». Men denne nedsettinga var det berre få som forsto å gjera, og så måtte dei nok ha svartboka, skulle det lykkast. Les meir
Filed under Folketru
Nybrottskongen
UKJENT: I 1956 skrev den kjente historikeren dr. Torstein Høverstad en artikkel i avisene om en sagnomsust nybrottsmann på Tofte i Sør-Fron, Israel Krupp:
Alt no må det vera klårt for alle som vil sjå, at Israel Krupp er ein nyskapar i norsk jordbruk. Ein landnåmsmann av dei store. Og ikkje har han den beste jorda å arbeida med heller. Endelaust med tonn av kalk må han soleis senda upp. Og kjem du der, meir enn 1000 meter over havet, lit du ikkje dine eigne augo og er freista til å segja med Peer Gynt: «Løgn og forbannet dikt».
Filed under Biografiar, Idrett, Jordbruk, Menn
Medan vi ventar på nye E6
RAGNAR ØVRELID: Skikkeleg køyreveg gjennom dalen kom ikkje før i 1850- og 1860-åra. Reisene sørover og nordover frå Fron gjekk framleis helst med slede på isen om vinteren. Elles måtte dei gjerne kløyvje. Kongevegen frå slutten av 1600-åra var knapt køyrande. Ein Kristianiatur tok to til fire veker, ettersom ein budde sør eller nord i dalen. Mange nordfrøningar drog gjerne frå Ruste til Espeddalen og over til Gausdal. Les meir
Filed under Kommunikasjon
Mor til gudbrandsdalsosten

Anne Hov berga dalen frå økonomisk katastrofe, men fekk berre medalje i sølv.
RAGNAR ØVRELID: Anne Hov på Rustadhågå i Ruste har fått ære for å ha skapt raudosten, gudsbrandsdalsosten. Ho var fødd på Kvålen i Skåbu i 1846. Sidan kjøpte foreldra Solbrå i Sør-Fron. På Solbråsætra blanda Anne fløyte i mysosten for å ha noko godt å trakere dei andre budeiene med. Slik skal den første feite mysosten ha kome til, i 1862 skal det ha vore. Les meir
Filed under Biografiar, Jordbruk, Kvinner
Fanefunn vart video
Filed under Kunst og handverk
Frøningane ville ikkje lese bøker

Men kva om det ikkje hadde vore ei biblioteklov? Frå Sør-Fron bibliotek. Søndre Fron var i alle fall minst negativ dei første hundre åra. Foto: Tron Halle
RAGNAR ØVRELID: Det første biblioteket i Fron fekk ikkje lang levetid. Det kom i stand i 1830, og i 1843 skriv bibliotekaren, klokkar Peder Nilsen, at det har ikkje vore lånt ut bøker dei to siste åra, og at biblioteket nå er oppløyst. Alle dei interesserte hadde nå lese ut bøkene, og marknaden var oppbrukt. Kommunen sette heller ikkje noko inn på å gi biblioteket forlenga liv: Bøkene bør seljast på auksjon til inntekt for skoleklassa, sa dei. Det skjedde i 1844. Så vart det ein pause i leselysta. Les meir
Filed under Kunst og handverk, Litteratur
Historier om tømmerfløytarane i Skåbu

Arbeidarane i tømmerdrifta i Skåbu utvikla eit godt samarbeid og kameratskap, men likevel kunne det oppstå gnisningar, særleg mellom bygdefolk og utabygds arbeidarar. Bilde frå verdalsbilder.no
OLE CHR. RISDAL: Sjølv om situasjonen for arbeidarane kunne vere temmeleg ekstrem, førte tømmerdrifta i Skåbu med seg ein del artige episodar, og var med på å forme eit bygdeliv både på godt og vondt. Arbeidarane vart svært motstandsdyktige. Under fløytinga måtte dei ofte uti det iskalde vårvatnet, og dei kummerlege koiene gjorde heller ikkje situasjonen betre. Ofte var desse så dårlege at det ikkje var råd å tørke arbeidskleda. Johannes Rønningen frå Ringebu skildra forholda i desse koiene. Ein morgon vakna han av at håret hans hadde festa seg av frost på hovudputa. Liggjande fekk han tak i kaffikjelen, som enno var varm, og fekk såleis tint opp att isen. Forholda midt på vinteren kunne vere så ekstreme at arbeidarane gledde seg til å setje i gang att arbeidet om morgonen, for på den måten å få att kroppsvarmen.
Filed under Verksemder
Telefon? Nei takk.

Men Nordre Fron kommune vil ikkje ha telefon…
RAGNAR ØVRELID: I 1893 fekk fronsbygdene lokaltelefon. Det gjekk ikkje så fort å få folk til å ta telefonen i bruk. I 1895 kom det henstilling frå Ringebu og Fron telefonselskab om at Nordre Fron kommune burde teikne seg som abonnent. Kommunestyret ville ikkje:
Kommunen finner for tiden ikke tilstrekkelig grunn til å tegne seg, da den i kommunebygningen boende landhandler har telefon.
Filed under Kommunikasjon