Kongsgarden Steig

Den gamle kongsgarden Steig

Den gamle kongsgarden Steig

EIVIND LUTHEN: Litt attendetrekt på eit høgdedrag ruver det gamle maktsenteret Steig over Hundorp. Ein gong fostra denne garden ein konge, og garden gav også landet ei dronning. I fleire hundreår spelte Steig ei viktig rolle i norsk rikshistorie.

Om eg driv med store ord? Ikkje om ein skal tru Snorre, ulike skadekvad og Gulatingslova.

Dei fleste hugsar den dramatiske scena som Snorre skildrar i Heimskringa der Olav Haraldsson og Kolbein Sterke knuser Torsbildet på Hundorp – i dag Tusenårstaden i Oppland fylke. Det skal ha skjedd i 1021, eller i år 1022, da Snorre skriv at det hende i det sjuande styringsåret til kongen. Han kom til makta i 1015. Denne dramatiske hendinga vart slutten – ikkje berre for Dale-Gudbrand, men også for det gamle hovdingveldet i dalen. Eit nytt regime vart skapt; makta vart flytta til storgarden Steig høgt over Hundorp. Ifølgje soga om Olav den heilage vart den mektige Tord Guttormson på Steig, også kalla Istermage, gift med Isrid Gudbrandsdotter, som var tanta til Olav Haraldsson. På denne måten sikra Olav seg ein kongetru maktbastion i dalen.  Det var likevel ikkje Tord, men sonen Steiga-Tore som gjorde Steig landskjent. Han vart den fyrste rikspolitikaren Gudbrandsdalen har fostra, og ein typisk representant for den sjølvbevisste stormannsklassa som såg på den aukande kongemakta med stor skepsis.

 Steiga-Tore fekk gilde gåver

Det var Steiga-Tore som gav Harald Hardråde kongsnamn da nevøen Magnus den gode delte riket med han i 1046. Dette skal ha skjedd på Vang. Harald Hardråde hadde samla store skattar mens han gjorde teneste hos keisaren i Bysants. Desse skattane delte han så med Magnus og gav samtidig Steiga-Tore ein stor sølvgylt trebolle full av sølvmyntar. Også to gullringar følgde med, rimelegvis har desse vore til å tre rundt armen. Til slutt gav kongen kappa si til Steiga-Tore. Denne kappa har vore av bysantinsk silke med gullinnvovne trådar kanta med kvitt skinn. Også i andre kjelder blir kappa og bollen nemnde. Det er skrive at etter Steiga-Tores død vart kappa gjort om til eit altarklede. Det faktum at sagaen gir så detaljerte skildringar og opplysningar om desse gåvene, må bety at det var snakk om unike og kostesame ting. Kappa hører tvillaust til det gjevaste, og var ei æresgåve av det meir sjeldne – kappa til kongen var eitt av dei viktigaste symbola på makt og kongeleg mynde. I denne samanhengen var det eit teikn på at Tore vart ein av dei næraste mennene til kongen med privilegium og særskilde rettar.

Steiga-Tore og Håkon Torefostre rir over Dovre. Måleri i Einbu-salen på Dale-Gudbrands gard.

 Steiga-Tores tragiske død

Etter Harald  Hardrådes fall i England i 1066, vart sønene, Magnus og Olav, kongar i Noreg.

Magnus døydde tidleg, men han hadde ein son, Håkon, som voks opp hos Steiga-Tore. Hovdingsetet Steig var ein naturleg stad for ein kongsson som trong å lære statsmannskunst; her møttest mektige og viktige menneske. Da Olav (Kyrre) døydde i 1093, var det sonen Magnus Berrføtt, som overtok kongsmakta. Men han hadde ikkje ønske å om dele makta med søskenbarnet sitt, Håkon på Steig. Steiga-Tore meinte noko anna. Det er grunn til å tru at den gamle hovdingen hadde fleire motiv for å støtte fostersonen sin. Eit fleirkongedømme gjorde det lettare for stormennene å halde på maktposisjonen sin. Steiga-Tore fekk trønderane med på å velja Håkon til konge, og det var Steiga-Tore som gav han kongsnamn. Men Håkon vart sjuk rett etter, og døydde, berre 25 år gammal. Sagaen fortel at Håkon Torefostre var ein av dei kongsemna folk i Noreg sette mest pris på. Sjølvsagt fekk kong Magnus etter alt dette ei heller fientleg innstilling til Steiga-Tore. Det endte med eit nederlag for Steiga-Tore. Han vart fanga som 70-åring, og dårleg til fots vart han sendt til henging. Men Steiga-Tore var ikkje dårlegare kar enn at han kvad nokre liner mens bødlane gjorde seg klare, strid og stolt var han til siste stund. Han vart avretta ved at den eine taugstumpen vart festa rundt halsen hans – den andre til ei kraftig grein som var bøygd ned og så brått sleppt. Steiga-Tore, som var stor og tung, fekk hovudet rive av! Dette hende på Helgeland. Underleg nok vart ikkje garden hans teken og gjort til krongods. Årsaka kan ha vore at kong Magnus ikkje ville provosere dei mektige ættene i Gudbrandsdalen – det ulma nok som det gjorde.

Steig på 1920-talet

Steig på 1920-talet

Dronninga på Steig

Sonen til Steiga-Tore, Guttorm, heldt seg unna alt som heitte politikk, og sette meir pris på eit roleg liv som bonde. Han fekk ei dotter, Ingebjørg, som vart gift med kong Øystein Magnusson, son til Magnus Berrføtt. At kong Magnus i si tid hadde teke livet av bestefar til brura, Steiga-Tore, hindra ikkje for eit ekteskap. Om dette ekteskapet vart godt, veit ein ikkje – rimelegvis var ekteskapet fyrst og fremst eit middel for ein politisk allianse mellom to av dei mektigaste ættene i landet. Ein ting er i alle fall sikkert; Steig er kanskje den einaste garden i Gudbrandsdalen som har fostra ei dronning. Dei fekk elles ei dotter som vart døypt Maria.

 Mektige folk på Steig

På Steig voks det opp sterke folk. Sjølv om dronning Ingebjørg og Maria knappast er nemnde i sagaen, er det grunn til å tru at dei kunne måle seg med mennene sine, og det sette sine spor.

Kvinnene i sagane var langt frå umælande. Olav Unggjæva, son til Maria, er den siste av Steig-ætta som er omtale i sagaen. Lik tippoldefar sin, Steiga- Tore, vart han leiar for ei bondereising. I Oppland valde bøndene han like godt til konge. Truleg var det nettopp dette opprøret som resulterte i at Steig vart gjort til krongods, altså ein eigedom for kongen som sat med makta. Men kampen Steig-ætta førde mot Magnus Erlingsson endte med nederlag i 1168, og Olav flykta til Danmark. Her døydde han rett etter, og vart gravlagt i Mariakyrkja i Ålborg. Danskane heldt Olav frå Steig for å vera heilag, skal ein tru Snorre. Det hadde nok politiske grunnar – på 1100-talet  vart det fleire helgenar av folkeleg  motstand mot rikskongar.

 Kongeleg overnattingsstad

Det er usikkert når Steig vart kongeleg eigedom, men fyrste gongen garden blir omtala som kongens eigedom i skriftlege kjelder er i 1177. Den gongen heldt kong Sverre og birkebeinarane til på Steig i 14 dagar. Steig var likevel meir enn ein sentral gard som kongar besøkte – garden var også ein viktig overnattingsstad for dei som reiste – sikkert alt i førkristen tid. Gravhaugar og steinsettingar i området fortel at folk har budd her i uminneleg tid. Eit sentralt kultsentrum kan det ha vore, kanskje eldre enn Hundorp i dalbotn?

I 1775 nemner Gerhard Schønning fleire kjempehaugar som seinare er komne bort. Om den gamle allfarvegen som går gjennom tunet på Steig kunne vitne for oss, ville han kunne fortelja om mange lagnader, om munkar, prestar og erkebiskopar, om handelsmenn og falgejegerar, om hærflokkar, korsfararar og pilegrimar.

 Veitslehall og Gudshus

I Håkon Håkonssons saga blir det fortalt at kongen let byggje ein veitslehall på Steig. Eit slikt bygg var gjerne stort og ofte lagt til kongsgardar. Vanlege reisande måtte ta til takke med sælehus og herberge andre stader i bygdene, i Sør-Fron på Alme, Rolstad, Grytting.

Det har vore to kyrkjer på Steig. Den eldste vart kanskje bygd så tidleg som på 1000-talet. Denne har sikkert vore eit lite einskipa bygg av same type som  t d  Haltdalen kyrkje. I Håkon Håkonssons saga blir det fortalt at kongen sette i stand eit kapell. Om konglege kyrkjer (kapell) veit ein at dei gjerne var rikare utstyrt enn kyrkjene for folk flest, og at dei hadde eigne prestar som berre stod ansvarlege for kongen. I 1598 fortel biskop Jens Nilssøn at kyrkja på Steig var forfallen, truleg er det snakk om den 1200-talskyrkja som Håkon Håkonsson let setja opp. Også den vart flammerov, truleg rundt år 1600. Kanskje vart ho sett i brann grunna sterkt forfall?

 Steig i nyare tid

Alt som minner om fortida og Steigs posisjon var for få år sidan eit skilt om gardskapellet. Riksantikvaren hadde sett opp dette. I dag er det borte. Beinrester er funne på Steig, men det har aldri vore arkeologiske utgravingar der. I 1630-åra vart garden seld til private, og slekta som eig Steig i dag, overtok garden alt i 1744. Bygningane er frå førre hundreåret, men delar av tømmerlåven med den veldige steinmuren er noko eldre. Han blir rekna for å vera den største i Gudbrandsdalen, og har ein nesten festningsliknande karakter slik han ruver på platået over Hundorp.

Med tanke på den politiske og religionshistoriske rolla Steig hadde i dalen, får anlegget også ein sterk symbolsk karakter. Vi får håpe låven blir sikra for ettertida – han er absolutt ein attraksjon. Utsikta over bygda og dalen er eineståande. I dag står Steig fram som eit noko anonymt gardsanlegg, men dersom ein vel å utvikle det, kunne det vera interessant å sjå garden og gardshistoria som eit viktig element langs ein lokal kulturstig – i dette tilfelle den gamle ferdavegen. Her oppe ligg også storgarden Alme med sine fornminne. Kanskje var det ein tanke å knyte Tusenårsstaden Hundorp og dei tradisjons- og historierike gardane oppe i bygda tettare saman historisk sett. I dag er det langt frå tilfellet.

 

Publisert her første gong 29.5.2013

 

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kunst og handverk, Litteratur

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s