Ingen krok i helvete kan vere meir illeluktande

brei

I 160 år var dette eksisplass. Det kom mange klager frå prest og medhjelparar over alle former for usedeleg liv.

RAGNAR  ØVRELID: Ein soldat slengde kona si utfor Harpebrua

for at omkommes i den brusende fos. Mens hun låg nede på en liden flek på bredden av elven, fik hun fat på nogle grene og kviste som vokste på berget, og dermed kravrede seg uskadet op. Soldaten måtte derfor løbe spidsrot i to dage.

Deretter levde dei to vel i hop . Det fortel Gudbrandsdalsfuten Prahm i 1773  frå eksisplasssen Breivegen.  Eksisplassen kom til å prege bygdelivet på mange vis, både sosialt og praktisk, i dei 160 åra mønstringsplassen var i bruk, frå 1705 til 1869.

Det er klart at desse soldatsamlingane måtte føre med seg mykje uro og spetakkel, både blant soldatane og blant bygdeungdom av begge kjønn, som let seg tiltrekke av livet her. Det ser ut til at tilstandane på Breivegen var rimelege før 1814, da krig var i friskt minne, og da alvoret med å trekke i uniform var stort, og disiplinen streng. I dei fredelege åra etter 1814 vart nok mønstringane på Breivegen meir sett på som ferieopphald frå strevet med jorda, og livsstilen vart deretter. Det kom mange klager frå prest og medhjelparar over alle former for usedeleg liv. Stort betre hadde det ikkje blitt i 1863. Da klaga kompanisjefen til Søndre Fron kommunestyre over alle som selde øl og vin, med dans, bråk og kortspel, og om manglande politiettersyn på og omkring Breivegen. «Her er natteløperi og uro. Den tjenende klasses pengetap, tidsspille og lediggang er iøynefallende.» Kommunen vedtok da å regulere utsalet, med stengingstid klokka 22 om våren, elles klokka 24.

Vi har ikkje dødstala for Fron frå  krigane i denne epoken, men skal vi døme ut frå det vi veit om andre landsdelar, var fråfallet uhyggeleg. Dei fleste døde ikkje på slagmarkene, men i militærleirane, av sjukdommar som elendig hygiene og mangelfullt legestell førte med seg. Ein reknar med at 25-30% av dei utkalla soldatane døde, i forlegningane i Holstein og i brakkene og på lasarettet ved Fredrikstad festning etter den tåpelege tytebærkrigen. Ein italiensk lege skreiv om militærleirane på 1700-talet: «Om sommaren er stanken frå soldatleirane så sterk at ingen krok i helvete kan vere meir illeluktande.»

Og soldatane hadde med seg sjukdommane heim, kjønnssjukdommar, dysenteri, tyfus, som dei spreidde utover bygda. Og rettsprotokollane frå Fron fortel om aukande uro og kriminalitet, serleg i tiåra etter 1720, dei heimvende soldatane streifa omkring i flokkevis, tigga og stal og fór med allslags uskikk. Våpen hadde dei også, så det stod ein skrekk av dei, serleg på setrane. Dei hadde sett og slite for mykje, som Sverre Steen seier, og hadde vondt for å tilpasse seg kvardagen etter år ute i felten.

Nå må det nemnast at dei heimkomne soldatane hadde med seg andre ting òg, som dei hadde lært ute: nye klesmotar, ny musikk, som reinlender, masurka og pols, og nye matskikkar, grønsaker, og etterkvart poteter. Likevel kan nok det positive  Breivegen-soldatane fekk med tilbake knapt vege opp dei høge dødstala og epidemiane dei spreidde i bygda etter heimkomsten. I 1764 døde 105 personar i Ringebu, mot «normalt» 30-40, av smittsomme sjukdommar «hjembragte med de fra Danmark og Holstein tilbakekommende soldater», skriv Gerhard Schiøning.

Utan bygningar

Breivegen vart aldri utbygd slik vi tenker oss ein eksisplass i dag. Det var eit reint øvingsområde, utan bygningar av noko slag, kanskje bortsett frå eit telthus til våpen, ammunisjon og anna utstyr. Soldatane var innlosjerte på gardane omkring, ofte til lita glede for brukarane, enda det vanka nokre skillingar for utleiga. Etterkvart også for maten, og for drikkevarer, som det ikkje mangla på. I starten var det nok helst legdene som skulle utstyre soldatane med den obligatoriske brødposen til alle, og med føde. Mens derimot feltflaska skulle delast på to soldatar. Dette skapte sjølvsagt smittefare, men etter klagemåla å dømme ikkje mindre drikking.

Området låg sentalt til i dalen. Her var det store flater. Grunnen var ubygd, og låg i fellesutmark under Brandrud og Stokke. Her var ein gammal sundingsstad over Laugen, med mykje ferdsel over elva. Mange av gardane på solsida hadde setrer og andre rettar på vestkjølen. Og her var det sikker is om vinteren. Hovdhaugen meiner at namnet Breivegen har samanheng med den gamle trafikken her.

I 1705 bestemte ei kongeleg forordning at Det Oplandske Regiment skulle ha sin eksisplass på Fron. Her skulle kompania frå Søre og Nordre Gudbrandsdalen stille til regimentsmønstring 14 dagar kvart år, i tida mellom  våronn og slåttonn. Her skulle kompania møtast til kortare øvingar eit par gonger i året, mens dei nye soldatane måtte møte til opplæring oftare, om søndagane ved kyrkjene i bygda, før og etter gudstenesta.

Når Breivegen vart vald til eksisplass i Gudbrandsdalen, var det eit ledd i å bygge opp meir slagferdige kampstyrkar til dei stadige krigane mellom Danmark og Sverige som hadde vore på 1600-talet og som heldt fram i 1700-åra.

Etter at den norske hæren vart organisert i 1628, mellom annna etter erfaringane frå Skottetoget i 1612, kom det nye ordningar gjennom åra, ordningar det er problematisk å halde greie på. Så det er litt uklart kven som brukte eksisplassen på Breivegen gjennom tidene. Men utviklinga ser ut til å ha vore slik: I starten låg alle kompania frå Midt-Gudbrandsdalen har. Frå ca. 1800 var det Ringebuiske, Fronske og Kvamske kompani som brukte eksisplassen. Bataljonssamlingane for infanteriet i Gudbrandsdalen vart haldne her. Vi høyrer også om Breivegen som samlingsstad for Det Gudbrandsdalske Musketerkorps seinare på 1800-talet, med soldatar frå Gausdal, Fron, Vågå og Lesja. (Musketer: fotsoldat med muskett). På 1800-talet vart plassen også periodevis brukt av artilleriet.

Tenar eller husmanssgut stilte

Bygdene var inndelte i militærlegder, som kvar skulle stille ein soldat, passe på uniformer og våpen, og kontrollere at soldatane stilte opp til øving var kyrkja og til samlingane på Breivegen. Denne legdsordninga stod ved lag til 1799. Da vart allmenn verneplikt for bøndene innført, men til 1876 med rett til å leige ein annan, gjerne ein tenar eller ein husmannsgut, til å stille for seg.

Vi har ei liste over Det Fronske Kompani frå 1783. Da hadde kompaniet 159 effektive mann. Ein kaptein, ein premierløytnant, ein sersjant, ein furer, tre korporalar, to tamburar, ein tømmermann, 19 grenaderar, 13 marsjferdige musketerar, 67 musketerar, 50 av landevernet (dei eldste). Kapteinen heitte von Suskow og var frå Mecklenburg. Løytnanten var Ole von (!) Hovie, og var norsk, slik underoffiserane også var. Offiserane var gjerne tyske, slik kommandospråket framleis skulle vere, dei brukte von framfor namnet, også dei norske. (Sjefen for Det Kvamske Kompani same året var norsk, og skreiv seg Christian Frederich von Knudtsen). Dei to tamburane eller trommeslagarane som var viktige til marsjering og drill var Johannes Bjerke, 22 år, tent i fire år, og Iver Steberg, som var 26 år, «brøstsvag», og hadde tent i fire år.

Grunnopplæring i slutta orden og tyske kommandorop hadde dei unge rekruttane fått ved kyrkja om søndagane. I dei første åra om morgonen før preika. Men da presten begynte å klage over uro og bråk når soldatane kom slitne og dundrande etter øvinga, slengde geværa frå seg i våpenhuset og marsjerte opp til dei fremste plassane, mens presten prøvde å få gudstenesta i gang, vart det skikken å halde eksersisen etter messetid. Da kunne også kyrkjelyden hygge seg med synet av sine håpefulle uniformerte, i kledningar med gilde fargar, produserte i Danmark, men trange og utilpassa vårt kjølige klima.

Nede på Breivegen, der kompani- og brigade-samlingane vart haldne, gikk det meir på direkte krigsopplæring, med våpendrill, skyteøvingar, og med større feltmanøvrar.

På den gamle plassen Jørnstugu ligg det framleis blinkar som soldatane her brukte å skyte på.  Og veggene på uthusa er fulle av kulehol etter dei som ikkje traff målet. Det å treffe var i det heile ikkje det viktigaste. Viktigare var det å kunne lade fort og skyte ofte, og legge eit teppe av krutrøyk over øvingsplassen, slik det var på slagmarka.

Enda meir bråk og krutrøyk vart det nok ved Breivegen da artilleriet hadde øvingar her på 1800-talet.

Sommar-samlingane på Breivegen varierte i lengde, frå 12 dagar til 48 dagar, alt etter den utanrikspolitiske situasjonen og aktuell krigsfare. I tillegg kom eit par kortare kompaniøvingar i året. Dessutan kom det stadig nye hær-ordningar gjennom 1700- og 1800-åra. Dei bryr vi oss ikkje med i denne samanhengen.

På militærsamlingane skulle det herske hard disiplin. Det skulle reagerast strengt på reglementsbrot og andre misgjerningar. Den verste straffa for ein syndar på 1700-talet var å måtte gå spissrotgang, mellom to rader av soldatar, som etter tur stokkprylte stakkaren.   Ivar Kleiven fortel i boka «Fronsbygdin» ei segn om ein hundorpgut som var kjend for å vere god på fela. Han var soldat på Breivegen, og hadde forsynda seg med eitkvart, og vart dømt til spissrotgang. Men kompanisjefen kjende til evnene hans, og lovde guten at viss han kunne gjere ein god spissrotmarsj og spele den på oppstillinga dagen etter, skulle han få sleppe straffa. Hundorpguten stilte om morgonen med fela og den nye marsjen i spissrottakt, «ein vakker, ekte dølamarsj», skriv Kleiven. Marsjen er framleis kjend og i bruk, «Hundorpen» eller «Hundorp-marsjen» blir den kalla.

Nå var ikkje militærlivet i Fron berre desse vekene om sommaren på Breivegen og framvising av uniform og våpen ved kyrkja søndagar. Soldatane måtte også ut i krig. Store mannskull i gifteferdig alder låg ute i Den store nordiske krigen, eller elleveårskrigen, frå 1709 til 1720. Mange var utkalla til Holstein til ein krig mellom Danmark og Russland som det aldri vart noko av. Men soldatane var mobiliserte og låg ute i fem år. frå 1758 til 1763. Så kom den såkalla tytebærkrigen i 1788 mellom Danmark-Norge, ei meiningslaus konflikt som kosta store tap. Og endeleg militæraksjonane mot Sverige under Napoleonskrigane i 1808 og 1814.

Verknader?

Kva slags verknader hadde eksisplassen Breivegen på fronsbygdene, og serleg på hovudsoknet?

Kring sjølve militærområdet grodde det opp husmannsplassar, med og utan jord, som fann ei ekstrainntekt i å forsyne soldatane med husrom, mat og drikke. Tidleg på 1700-talet kom det i alle fall tre slike nyrydningar, Nedre og Øvre Breivegen, og Jørnstugu. Seinare kom fleire til, som dreiv med utsal til soldatane. I 1863 er nemnt «de omliggende hus Listavollen, Jørgenstuen, Mari Lille-Jevnes bolig, Bredeveistuen, Brandrudstuen, Ulteigen, Øvre og Nedre Joten og bager Jensens bolig». Også Jørnstugu hadde bakaromn. Alle desse kunne tilby drikkevarer, somme matservering, ein liten landhandel var her også, truleg på nedre Breivegen.

I 1753 kom den første priviligerte handelsmannen til Fron. Det var Ole Dampe, tidlegare kjøpmann i Kristiania. Han slo seg ned på Breivegen, og bygsla to plassar der, Jørnstugu og Breivegen. Han måtte love at han ikkje skulle hindre dei omkringliggande plassane og gardane å handle med mat og drikke til soldatane under mønstringane. Etter 15 år døde Dampe. Enka, madam Dorthea, dreiv handelen vidare. Ho stod seg bra, og lånte stadig ut pengar til bøndene i bygda. Etter henne vart handelen flytt opp til Grov.

Det vart altså skapt både levemåte, liv og uro, og liggande igjen ein god del pengar frå mønstringane på Breivegen. Men det kom andre verknader frå eksisplassen også. Ikkje minst frå offiserane som var knytte til det fronske kompani, og som budde fast i bygda. Frå 1808 til 1878 var Graffer sjefsgard for kompaniet. Mange av offiserane var føregangsmenn når det galdt gardsdrift, kanskje serleg med potetdyrking. Dei innførte nye byggeskikkar, dei var teknisk utdanna, og kunne rådførast i spørsmål om vegbygging og brukonstruksjonar. Saman med dei andre «kondisjonerte» i bygda deltok dei som folkeopplysarar, og var med og stifta den første spiren til eit bibliotek på Sør-Fron i 1830.

Vi må vel rekne med at fagfolka på Breivegen hadde ein viss innverknad på helsetilstanden i bygda også. Til eksisplassen var det gjerne knytt ein såkalla feltskjer, ein kombinasjon av barber og lege. Vi høyrer om ein slik feltskjer i 1790-åra, seinare om korpslegar, som nok hadde betre utdanning. Ved Breivegen budde ei ev dei første jordmødrene i bygda, Marie Lillejevne. Og da obligatorisk koppevaksinering vart innført i 1810, var offiserane på Breivegen blant dei faste vaksinatørane.

Men i 1869 var det slutt på militærlivet her. Da overtok Jørstadmoen soldatopplæringa i dalen. Dei små ekstrainntektene til folket i grenda vart borte, og mange drog til Amerika.

Etter 1900 fekk Breivegen ei ny oppblomstring. I 1913 kom Fron ysteri, det vart jernbanestasjon her, og kafe. Somme såg for seg ei utvikling av eit nytt sentrum for Sør-Fron. I staden kom nok den nye verksemda på Breivegen til å spreie sentrumsfunksjonane i bygda enda meir. I 1990 vart Fron ysteri nedlagt. I dag er det ikkje mykje att her som kan minne om aktiviteten i tidlegare tider.

Kjelder:

Ivar Kleiven: Fronsbygdin

Ragnar Øvrelid: Historia om Fron, 1 og 2

Arne Marensius Bull: Oppland Regiment 1657-2002

Trygve Bakke på Jørnstugu

Publisert her første gong 10.12.2013

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s