Daily Archives: 27. januar 2015

Ingen krok i helvete kan vere meir illeluktande

brei

I 160 år var dette eksisplass. Det kom mange klager frå prest og medhjelparar over alle former for usedeleg liv.

RAGNAR  ØVRELID: Ein soldat slengde kona si utfor Harpebrua

for at omkommes i den brusende fos. Mens hun låg nede på en liden flek på bredden av elven, fik hun fat på nogle grene og kviste som vokste på berget, og dermed kravrede seg uskadet op. Soldaten måtte derfor løbe spidsrot i to dage.

Deretter levde dei to vel i hop . Det fortel Gudbrandsdalsfuten Prahm i 1773  frå eksisplasssen Breivegen.  Eksisplassen kom til å prege bygdelivet på mange vis, både sosialt og praktisk, i dei 160 åra mønstringsplassen var i bruk, frå 1705 til 1869. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar

Dei kom aldri attende

Esther, Klara og Samuel Karpol: Sørfrøningar som mista livet i tysk konsentrasjonsleirar under andre verdskrigen.

I dag, 27. januar, er den internasjonale holocaust-dagen. Eit lite kjend kapittel i krigshistoria i Midtdalen er da holocaust kom til Fron, i november 1942. Men ei historie er etter kvart kjent,  historia om Karpol-familien, som budde på småbruket Skurdalsbrenna i Sør-Fron. Bjørn Sletten har ein interessant artikkel i Dølen.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn

Han slakta fleire tusen dyr

slakter

Ottar Øverjordet (t.h.) på slakting hos Johan Martinsheimen. Ottar har skrive bakpå bildet: «Oss må ta oss fem minutt før oss dele opp. Kanskje fæ oss´n dram au.» Bilde: Oddmar Myrum.

ODDMAR MYRUM: Her vil eg fortelje litt om ein bygdeslaktar i Fron, Ottar Øverjordet. Slakting av dyr var eit naudsynt gjeremål, og det følgde alltid ansvar med slikt arbeid, for det måtte gjerast til minst mogleg pine for dyra. Etter kvart viste deg seg at somme hadde betre anlegg for slaktaryrket enn andre, og dei tok da på seg arbeidet. Dermed vart bygdeslaktaren eit fast omgrep. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn, Verksemder