
Bilde frå nr14.wordpress.com
IVAR KLEIVEN: Lars Dalshaugen var ein dugeleg og gløgg skyttar, stor, staut og røssleg. Han hadde ord på seg for å ha svarteboka og kunne kverve synet på folk. Somme sa han hadde tatt alterbrødet ut av munnen og skote gjennom det. Lars Dalshaugen var skomakar og dreiv mykje med skoabeid i gardane. Før jul ein vinter hadde han vore i Massing og gjort sko til Ola Massing, som var ein bibelklok mann. Han visste ikkje noko så gildt som når han fekk sette folk fast med spørsmål frå Bibelen. Nå da Lars Dalshaugen var ferdig med skoarbeidet og skulle gå heim att, tykte Massing´en at dei fekk smake på julebrennevinet. Ola var borte i skapet etter ei flaske og drammeglas, og karane godgjorde seg og kom på godt møle.
«Det er som det skulle bli borte ein vegg i stua mi, når du stryk», sa Massingen. Så hævt var det mellom dei. Men da det hadde gått nokre omgangar, tok bibelklokskapen til å skyte opp hos Ola Massing, og han fekk hug til å sette skomakaren riktig staurfast med djupe spørsmål og mørk tale. Og når han bar til å slå omkring seg med all sin visdom og klokskap, laut han støtt bruke bokmålet, for han Ola var sersjant ei tid, brevsynt og skrivekunnig var han sjølvsagt, og derfor sto han ikkje i beit for å knote.
«Kan du sige mig, min kjære Lars Dalshaugen, hvilket er det høieste ord i fadervår?»
«Det er etter som ein snur boka opp heller ned, det», svara Dalshaugen.
«Vet du, kjære Lars, hvem han var, mannen med den røde trøye på den hvite fole?»
Nei, det visste ikkje Lars, men han sette fram eit spørsmål: «Kan du, Ola Massing, seie meg kva det var for ein mann som gjorde i broka i auksjonen på Tone?»
Dette spørsmålet hans Lars såg ut til å komme abragdsleg, og var på vekta til å skiple det hugelege samværet, men Massing tøygde tålmodet og gav eit spørsmål til: «Sig mig, Lars Dalshaugen, vet du hvor mange kalverumper som skal til for å rekke mellom himmel og jord?»
«Nei, men veit du kor mange trøttjaga kalvar det går mellom Massing og Båsbrekka?»
Dette siste spørsmålet tålte ikkje Ola Massing. Han reiste seg og peikte på døra: «Stua er mi, men døra er di!» sa han og var styggeleg hard i målet.
Ja, han Lars løfta døra av gangjerna og tok ho med seg nordigjennom stien. Langt kom han ikkje, før Massingen kom etter med ein brennevinsbuttel for å få att døra si.
Frå Fronsbygdin 1930, s 315 ff, publisert her første gong 8. mai 2014