Daily Archives: 26. januar 2015

Hvor mange kalverumper mellom himmel og jord?

Bilde frå nr14.wordpress.com

IVAR KLEIVEN: Lars Dalshaugen var ein dugeleg og gløgg skyttar, stor, staut og røssleg. Han hadde ord på seg for å ha svarteboka og kunne kverve synet på folk. Somme sa han hadde tatt alterbrødet ut av munnen og skote gjennom det. Lars Dalshaugen var skomakar og dreiv mykje med skoabeid i gardane. Før jul ein vinter hadde han vore i Massing og gjort sko til Ola Massing, som var ein bibelklok mann. Han visste ikkje noko så gildt som når han fekk sette folk fast med spørsmål frå Bibelen. Nå da Lars Dalshaugen var ferdig med skoarbeidet og skulle gå heim att, tykte Massing´en at dei fekk smake på julebrennevinet. Ola var borte i skapet etter ei flaske og drammeglas, og karane godgjorde seg og kom på godt møle. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Litteratur, Menn, Språk