Dei hadde sett og hørt einkort som ikkje var riktig

Om hausten i mosetakinga kunne det råke til å vera halvthundre mosefolk, som låg i fiskjebuene ein vekes tid og meir. Foto: sfn.no

IVAR KLEIVEN: Det er oppsett så mange gilde fiskjebuer og naust ved Furusjøen at det såg mest ut som ei lita grend, og det var bruk for husrom der ôg til somme årstider. For det var ikkje berre skyttarar og fiskjarar som låg i desse buene ved Furusjøen, skal tru: om hausten i mosetakinga kunne det råke til å vera halvthundre mosefolk, som låg i fiskjebuene ein vekes tid og meir. Det var fullt hus i alle buer kvar natt så lenge mosetakinga stod på, karar og kvinnfolk etter som det fall seg. Og det kan vel hende det var liv i buene om kveldane utover, når mosefolket var attkomne frå fjellet og skulle til å kveldsstelle seg. Er det folkeleg vær, så er mose-vinna eit framifrå trivleg arbeid; fjellet er tyleg, og fjellnaturen så frisk og helsaug at anten ein er gamal eller ung, så livnar ein opp i slikt tilvære.

Og dølane i godt arbeidslag sit ikkje mugne og sturar på benkane omkring eldsmåle på peisen; i mosevinninga var det gjerne ungdom med, ja, det var ikkje sjeldan at ein av dei hadde fele med, og da kunne det bli både dans og læte i dei vesle fiskjebuene langt utover kvelden.

Men i dei buene der det var korkje fele eller dans, var det laging og morosam prat av alle slag, dei eldre i laget bar opp med minne frå dei unge dagane sine, og dei unge lydde vel etter. Lengje gjekk det ikkje før laginga kom inn på dei underbuande, hulder, troll og toftkaller, slikt som har vore fortalt frå gamle dagar. Men det var nok dei i laget som sjølv hadde både sett og hørt og merkt einkort som ikkje «var riktig» – slikt kunne for ei stund leggje ein dåm av alvor over heile laget, så det stilna, og kvinnfolka som hadde ærend ute, tok einannen i arman.

 

(Frå Fronbugdin 1930, publisert her første gong 24.9.2014)

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Jakt og fiske, Setring

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s