Hernæs: Kjente landemerke

raggen

«Raggen». Elvestubben mellom Sandvatnet og Kaldfjorden, ikkje langt frå «Londbuene». Det var her denne berykta «Lundestyggen» heldt til under striden med valdrisane.

OLE CHR. RISDAL: No har vi altså lagt ut alle gardsbruka som Sigmund Hernæs måla. Men på bygdahuset i Skåbu heng det også bilete av andre kjente landemerke i Skåbutraktene:

På slutten av 1700-talet bygde han Svein Risdal seg seter i Storhøli’n. Dette vart setra åt Søre Risdal. Frå før hadde han seter på Murudalen, den noverande Aasmundstadsetra. Det som at han flytta setra, var at han i ungdomen var mykje i Megardssetra fordi han var ein nær slektning av Megardsfolket. Han Svein var ó gein ihuga fiskar og reinsskyttar, og hadde da funne at det meir lagleg for både jakt og fiske i Storhøli’n. Det var sakte ikkje så langt åt reinsfjellet frå der den tida. Ei tid etter at Svein bygde, var det to av sønene hans som tok til å rydje seg seter i nærleiken. Det var Hans og Syver. I 1844 vart Risdal delt mellom to av sønene til Svein, Torgeir og Hans. Han Hans vart eigar av Nørdre, og betalte Syver 100 spd. for halvparten hans i setra. Syver vart gift med Rønnaug Aamodt på Sjoa, og flytta dit. Ho var barnebarnet til Eidsvoldsmannen Paul Harildstad.

Storhøliseter. Setra til Nørdre Risdal. Frå venstre ser vi geithuset, «gammelfjoset» og stallen til høgre. Fjøset og stallen er borte. Litt historikk: På slutten av 1700-talet bygde han Svein Risdal seg seter i Storhøli’n. Dette vart setra åt Søre Risdal. Frå før hadde han seter på Murudalen, den noverande Aasmundstadsetra. Grunnen til at han flytta setra var at han i ungdomen var mykje i Megardssetra, fordi han var ein nær slektning av Megardsfolket. Han Svein var óg ein ihuga fiskar og reinsskyttar, og hadde da funne at det var meir lagleg for både jakt og fiske i Storhøli’n. Det var sakte ikkje så langt åt reinsfjellet frå der den tida. Ei tid etter at Svein bygde, var det to av sønene hans som tok til å rydje seg seter i nærleiken. Det var Hans og Syver.  Han Hans vart eigar av Nørdre Risdal og betalte Syver 100 spd. for halvparten hans i setra. Syver vart gift med Rønnaug Aamodt på Sjoa, og flytta dit. Ho var barnebarnet til eidsvollsmannen Paul Harildstad.

vinstervatna

Øyvassosen under storflaumen i 1938. Frå høgre: To gamle naust, «Gammelbua», bua til Johannes (Jehans) nørdre Risdal og almenningsbua heilt til venstre. Bua til Jehans vart flytta til Øvre Hersjøen i 1961 pga. av demningen som vart bygt her i 1955.

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Setring

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s