Historier frå mjølkerampa

mjølkerampeFRODE ERSTAD:  Ein høyrer ofte: «Eg saknar mjølkerampa.» Kring midten av 1970-talet var det fleire og fleire som fekk mjølketank, og utpå 1980-talet tok livet ved mjølkerampa slutt.  No tenkte eg å fortelja korleis eg har opplevd rampa og livet som fylgde med. Det var mange som kunne levere på same rampa. Det var ein kjær møtestad. Mange såg fram til å få seg ein prat og etterlengta minutt. Vår og sommardagane, særleg på 1960- og 1970-talet, låg det ofte fleire born på kvar rampe og skreiv bilnummer. Borna tevlast om kven som fekk flest bilnummer i boka si. Slik kunne dei liggje i timevis midt på dagen. Om vårkveldane kunne det òg samle seg folk i alle aldrar ved rampene for å kaste på stikka. I Ruste hugsar eg det kunne vere folksamt ved Haugamorampa. Det er nok mange som har gode minne frå denne tida. Det beste med dette spelet var at ein høyrde aldri nokon som hadde tapt, og dei var velnøgde med vårkvelden!

I 1958 kom eg til Vinstra. Eg køyrde mjølka til ysteriet og sette spanna på transportbandet. Mange av dei som hadde stuttast veg, frakta mjølka sjølve, enten med traktor, bil, hest eller mjølkebåre. Ein rodde mjølka over Lågen, hugsar eg.

Det var om å gjere å kome så tidleg at transportbandet vart fyllt opp før den første mjølkebilen kom. Han venta til einskildleverandørane hadde fått spanna sine på bandet. Det var òg slik at innveiginga ikkje tok til før ei av mjølkerutene var kome. Såleis kunne det ofte ta ei tid før veiginga kom igang. Ikkje sjeldan hende det at originalen Sørensen kom og ville spå ein eller annan, men det var lettare sagt enn gjort.

For dei som venta, var det nok av emne å tale om. Det skifta med årstidene. Det kunne for eksempel vere om dyrking av einskilde vekster og røynsler dei hadde med desse. Den som høyrde godt etter, kunne dra mykje nyttig lærdom. Alle hadde noko å lære bort til den som ville ta imot. Ja, mjølkerampa var ein stad der ein kunne setje tankane i sving. Det første vårane var det «Ingofeberen» som rasa. Boksekampane mellom Ingemar Johansson og Floyd Patterson var ofte samtale- og diskusjonsemne.

Når hausten kom, var det sauer og utstilling som stod på programmet. Ja, den som ikkje kjende til Fjellstæbba eller Rygdølen hans Søren Åsland i Åseral, han måtte nok lære seg kva dei hadde å seie for sauealet!

Om vinteren var dei mest opptekne av sport. Grisjin, Mora-Nisse og Hallgeir Brenden var ikke sjeldan samtaleemne. I dei heile var det ikkje få problem som vart tekne opp og «løyste» i ysterigarden.

Dei eldre tenkte gjerne attende. Tidlegare hadde dei ofte brukt føremiddagen til å stikke innom fleire kafear før dei reiste heim att. Den tida hadde det vore 14-15 stader der dei selde kaffi på Vinstra. Eg hugsar ein dag det var snakk om kva som låg beste i minnet av det dei hadde opplevd. Hans Lohaugen, som var fødd i 1909, hugsa best den sommaren han vart konfirmert. Han jaga grisepurker frå Nordgard Kongsli og innpå Flysetra. Første dagen kom han til Skåbu om kvelden. Der fekk han purkene inn i ei kve. Han var så trøytt at han sovna på golvet. Det var slitsamt å gå med gris, for når purkene vart keie, rulla dei seg  i alle søledammane etter vegen. Neste dag fortsette han  og kom fram utpå kveldssida. I Skåbu var det tre lykkjer som dei kunne ha dyra inni når dei skulle kvile. Dei låg ved Skåbu Øvre, ved Hågålykkja og ved Storslåa.

Redvald Ødegarden, fødd 1888, fortalde om seterreisa til Teige i Kvam. Dyra vart frakta over Lågen i ei ferje og drivne opp ei råk til heimsetra ved Teigkampen. Brua i Kvam var ikkje bygd då. Det var buferda frå Teigkampsetra til Tjønnsetra han hugsa. Dyra vart drivne nedover Øldalskleivene, over Sundbrua og opp gjennom Kløvdalen. Det skulle gjerast før kua på Vinstra kom ut om morgonen. Dei nettene sov han ikkje mykje, for han såg og fylgde dyra i augesyn.

Det var ikkje som no, når skogen har vakse opp og stengjer utsynet. Ein høyrer ofte: «Ho skulle vore på plass att geita, så hadde krattskogen vore bortre.» Dette er ikkje heile sanninga. Geita heldt ein god del av krattet nede, men hogging av lauvkjerr tok òg sin del av småskogen.

Eg skjønar godt at mjølerampa er sakna.

 

Publisert her første gong 31.5.2014

 

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kommunikasjon, Setring

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s