
Restane av verket ligg mellom Espedalsvatnet og Breidsjøen. Dei verdfulle kulturminna på Verksodden vart berga mot kraftutbygging. I dag er kulturminnet i god stand, etter restaurering tidleg i 1990-åra. Bilde frå Dalseter.no
EINAR HOVDHAUGEN: Den raske framvokster av eit gruvesamfunn i Espedalen frå 1850-åra skapte ei folkevandring frå store deler av austlandet. Av og til kunne det nok gå noko vilt for seg, men det allmenne preget er seigt blodslit. Mange bygdefolk frå Fron og andre bygder i dalen fann her for nokre år ein ny arbeidsplass. Styraren på Espedalsverket, David Forbes, var ein stilig og selskapeleg verdensmann, som ser ut til å hatt eit godt lag til å tilpasse seg tilhøva og koma i kontakt med folk. Det går mange fråsegner om festleg samvær på verket, når den fargerike levemannen pastor Gallschjøtt på Fron var oppe der for å halde gudsteneste. Og det var nok ikkje alltid pastoren var så heilt edru. Les meir