Tormodsøndagen

torlarsenskli

«Skal lua kastast rett før mål, eller skal ho vere med heilt inn?» Artikkelforfattaren i fint driv. (Bilde frå Tor Larsen.)

TOR LARSEN: Skiløypene i Sorperoa under Tormodrennet kryssa som oftast både to og tre vegar i sløyfe mellom furutre og bustadhus. Biltrafikken var denne søndagen meir eller mindre bannlyst, og dei som kom for å sjå på eller delta, kom som oftast på ski. Slik var det i dei åra da vintrane var snøsikre, brøytekantane meterhøge, og premieutdelinga var på trappa til badstua. Mitt fyrste minne frå ein Tormodsøndag er da skiløypa gjekk med start og innkomst utafor badstua. Skiløypa for oss yngste gjekk i slynge rundt Vøllajordet, slik at vi slapp å krysse vegen. Men vi måtte smyge oss over Givera eit par gonger – den vesle vassåra frå Grindberga, som opp gjennom åra har sikra vassforsyninga til folk og fe borti Roa.

Eit år tok eg og tre andre sorpegossar turen ned Grindberga på miniski. Ein tur som ikkje blir gløymd. Vi følgde det bratte råket frå Søljerusta og krabba oss til slutt ned det siste berget ved Grind. Det var vel eit under at vi ikkje knekte ein fot eller ramla ned eitt av dei mange høge berga og enda opp som flaksande fuglar frå Sorpero´n! Plastikkskia våre tåla turen også, men det var ein tur som aldri vart gjort opp att. Det var tryggare i skispora til Tormod.

Da miniskia i plastikk kom på tampen av 60-talet, var det fortsatt treskia som rådde grunnen i skispora. Namn som Åsnes og Madshus var gjengangarane. Eg hugsar godt mine eigne. Dei var lyseblå med gullfarga rottefellebindingar, og skinamnet var «Sigmund Ruud». I den andre enden av guten sat ei svart og kvit Wirkola-lue. Men korkje guten eller lua vart nokon gong med i hopprennet i Lobakken på Tormodsøndagen. Turen ned Grindberga på miniski hadde nok sett sine skremte spor.

Råskinna med hoppski konkurrerte i Lobakken. Du kunne høre dei hue «i farta» lenge før du såg dei kom som ei kule ut i frå furuskogen oppved Roven og nedover Lojordet.

Kulturlandskapet i Tormod-land mellom Li og Lo var som skapt for langrenn. Lett kupert med jorde og skog i begge endar og mange breie råk på kryss og tvers gjennom ruvande furuskog. Ein og annan kneik som fekk fram blodsmaken fanst også. «Kirsten-bakken» er eit kjent uttrykk blant skigåarar i Soreproa. Ein motbakke som har fått mang ein skiløpar til å kjenne mjølkesyra like mykje som blodsmaken.

Skiløypa på Tormodsøndagen fann seg som oftast ein veg gjennom Sorpero-skogen eller tok seg ei runde rundt Prestgardsjordet. Men eitt år da «karriera» mi var på hell, og glassfiberskia så vidt hadde vorte nemnt, hugsar eg ho forvilla seg opp i Øldalen. Men det vart liksom ikkje det same. Det var noko heilt anna å kunne lange ut i diagonal framfor stoveglaset til nabokjerringane som sat på trammen og heia.

Bustadfeltet i  Prestgardslykkja var det fyrste som fekk gater med gateljos i Sorperoa. Da tok det ikkje lange tida før brøytekantane vart gjort om til skispor, og med gateljos som flaumbelysning vart det kjørt lange treningsøkter. Rundt og rundt som ekte rånarar sveitta etterkomarane av Tormod Kolbrunarskald seg i form til Tormodrennet.

Dagen før Tormodsøndagen kunne ein kjenne lukta frå nygrynna ski som smaug seg som ein orm mellom husa i Ron. I garasjer og langsmed husvegger fekk skia den siste finpussen. Eit slikt årvisst rituale førte med seg ei utruleg spenning i små barnesinn, og mange tankar flaug gjennom hovudet til små skiløparar som kraup til køys i Sorperoa dagen før dagen.  Har far grynna skia rett i år – eller vil dei bli like bakglatte som i fjor? Skal lua kastast rett før mål, eller skal ho vere med heilt inn?

Da dagen endeleg lysna, og ein vart vekt frå skidrømmeland, var forventningane store. Vêr og føre vart sjekka fyrst, og den rette smurninga vart funne fram og møysommeleg gnidd og gnukka inn under skia. Ein bit blå eller grøn Swix kunne også gjere nytta som tyggegummi. slik at ein såg ekstra tøff ut når ein rusla i veg bortover Skåbuvegen med skia på aksla. Ved badstua var spenninga på topp, og startarane med dei store vekkjarklokkene sine sto rake og staute og telte ned høgt og klårt:10.59.55 – 4 – 3 – 2 – 1 START! Nøyaktig klokka elleve, og med nummer på brystet, var det stort endeleg å kunne lange ut i klassisk stil i eit skirenn som har vorte ein klassikar.

 

Publsert her første gong 1.3.2014

Kommenter innlegget

Filed under Idrett

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s