1.klasse studiespesialiserande line (1STB) på Vinstra vidaregåande skule fekk som siste stiloppgåve våren 2013 å skrive ein tekst med emne frå lokalhistoria. Her er Gunhild Eide Myhre frå Kvam:
GUNHILD EIDE MYHRE: Å vekse opp i ei lita bygd har hatt både fordelar og ulemper. Det har ikkje alltid vore lett å vere eit barn på ein plass der det går lite folk på skulen og ein møter det same kvar dag. Livet forandrar seg til eldre ein blir, og det ein opplever i oppvekståra formar ein. Etter kvart får ein meiningar og veks på det som har skjedd. Ein skulle kanskje tru at livet på ein liten plass ikkje har så mykje å tilby, men for dei fleste går ikkje ein dag utan gjermål. Sjølvsagt skiftar dagane innhald, men vil ein finne på noko, så er det på landsbygda ein kan finne på noko som barn.
Eg hugsar spesielt dei varme sommardagane i barnehagen når alt var grønt og sola skein så fint over den vesle leikeplassen som virka så stor den gongen. Eg hugsar at alle tankane var der og da. Vi tenkte mindre på kva som ville skje seinare, kva som hende i samfunnet eller kva som skjedde i politikken. Marihøna heitte barnehagen eg gjekk i som liten. Grunnen til at han heitte det var marihønene som var måla på grunnmuren. Vi hadde eit kirsebærtre som sto ute i hagen. Eg og ei venninne sette oss ofte oppe i det treet når vi hadde utetimar. Når det var på tide å gå inn att, var vi heilt raude rundt munnen og på fingrane våre. Det er heller ikkje vanskeleg å hugse den gleda eg kjende når eg såg mamma eller pappa stå i gangen og vente på meg når eg skulle heim. Det var som dei hadde vore borte i fleire veker, og det var fyrste gongen på lenge eg såg dei att.
Eg har alltid hatt eit godt forhold til familien min, og gjennom tida har dei stilt opp for meg i dei vanskelegaste tider, sjølv om det ikkje har vore mykje av det vanskelege, har det det da vore nok. Eg har også fått oppleve mitt, men eg har teke det med meg og lært av kva som kunne ha vore gjort annleis. Eg har vakse på det som har skjedd. «Når livet gir deg sitroner, lag saft» er et ordtak eg liker ganske godt, og for meg vil det seie: «går livet deg imot, gjer det om til noko positivt».
Heile livet har eg budd på ein liten gard i Gardvegen som ligg i Kvam. Kvam er saman med Vinstra, som er nabobygda, ein del av Nord-Fron. Å vekse opp på ein gard har vore ein fridom som born. Det har vore god plass til å leike seg og ein trong ikkje å bekymre seg om trafikken eller å vere til bry for nokon. Til tider har det vore nokså slitsamt å bu langt borte frå sentrum der dei fleste frå klassa budde, men for det meste har det vore nokså godt og roleg.
Som ung i dalen var det ikkje mange aktivitetar å velje mellom, i starten var det berre allidrett og fotball. Da eg fylte sju år, hadde eg moglegheita til å bli med på handball. Kan ikkje seie eg var den mest aktive spelaren på banen under fotballkampen. Som ung var det mykje artigare å springe litt rundt og tulle med lagvenninner. Etter at vi vart eldre, kjende vi presset enda meir både frå trenar og motspelarar og vi skjerpa oss og skjønte at vi måtte stå på. Vi spelte alle kampar som heltar og tok mange tap som heltar, og når vi vann ein kamp, hadde vi sjølvsagt eit rop for å vise dette. Det galdt å gni det litt ekstra inn i ansiktet på motstandarane. Kan nesten ikkje dekkje over at eg har vore skodespelar i Fron og medlem av korpset i Kvam. Det kan ikkje anna enn ein kjend musikar, ein skodespelar og ei fotballstjerne bli av meg som har vore med på så mykje!
Skulen vår var ikkje stor, og kvar vår hadde vi same problemet. Skuleplassen var ein stor dam, og lukta var heilt forferdelig, og betre vart det ikkje når bøndene byrja sprøyte jorda med møkk. Men heldige som vi var, fekk vi bruke jordet som ligg ved skulen som akebakke om vinteren,- det og borglaging i snøen var noko av det morosamaste vi visste om på vinterstid. På sommaren var det fram med hoppetau, ned med husker og speling av både slåball og fotball i friminutta.
Å sjå forandringar i Kvam kan opplevast vondt, men slik er det berre. Eg håper mange vil bu i Kvam, sjølv om bygda er lita. For to år sidan vart Kvam ramma av ein flom folk ikkje hadde sett maken til på tiår, men dei ville bu her om det var mogleg. Det tok for mange lang tid å byggje opp att det perfekte huset dei hadde sett for seg. Berre to år etter, for ei veke sidan vart Kvam ramma av flom igjen, og denne gongen enda hardare. Folk vil kanskje ikkje bu rundt Storåa lenger og får dei ikkje noko anna, flytter dei ut av bygda vår. Det er veldig trist, da mange trivst i Kvam. Far min har arbeidd på fabrikken i Kvam så lenge eg har vore til, men nå har fabrikken gått konkurs, og mange av arbeidarane har mista arbeidet sitt. Som ungdom i denne bygda trur eg nok at eg ikkje blir buande her, men eg synest det er forferdeleg å sjå heimbygda bli mindre folkesett. Eg vil så klart ha noko å reise attende til om eg kjem attende.
(På bloggen første gong 9.6.2013)
Kjempefin tekst, Gunhild! 🙂
LikarLikar