Daily Archives: 8. januar 2015

Den samme livsreisa som oss

Har du glede av denne heimesida? Ho blir til på frivillig, ulønna basis. På gleda over å kunne formidle livsnære, inspirerande, tankevekkande og rørande ord og bilde om menneske som var ute på den samme livsreisa som oss, før vår tid. Slik blir vi tydelegare for oss sjølv og kvarandre. Vil du bidra til at denne sida lever vidare? Vil du støtte det arbeidet Fron historielag gjer her og på andre område? Bli medlem i 2015. Berre 100 kroner til konto 2095 32 92735, Fron historielag, 2640 Vinstra. Oppgje epostadresse. Du er med på viktig frivillig arbeid til glede for kommande generasjonar. Du er med på å skape gode livsvilkår og vitalitet i Fron. Du får ein god middag på årsmøtet, meir verd enn kontingenten. La oss gjere dette saman.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Livet i ei lita bygd

Gunnhild Eide Myhre

Gunnhild Eide Myhre

1.klasse studiespesialiserande line (1STB) på Vinstra vidaregåande skule fekk som siste stiloppgåve våren 2013 å skrive ein tekst med emne frå lokalhistoria.  Her er Gunhild Eide Myhre frå Kvam:

GUNHILD EIDE MYHRE: Å vekse opp i ei lita bygd har hatt både fordelar og ulemper. Det har ikkje alltid vore lett å vere eit barn på ein plass der det går lite folk på skulen og ein møter det same kvar dag. Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Kvinner