Dei revolusjonerande amerikabreva

Nr. 178 Her er vor nye Auto og børnene Hjalmar sidder inde i Autoen og Clara og Gladys og Erling staaende

«Her er vor nye Auto og børnene Hjalmar sidder inde i Autoen og Clara og Gladys og Erling staaende.» Bilde frå Brita Hovden/Vegar Skar

EINAR HOVDHAUGEN: På mange måtar var amerikabreva revolusjonerande lesnad. Dei fortel om eit ungt tradisjonslaust samfunn, der kvar var sin eigen lykkes smed, der berre eins eige dugleik talde, der gardmannsonen og husmansonen levde side om side som gode grannar og likemenn. Det låg att mange tankar i Fron etter lesnaden av desse breva.

Utvandringa førde til at nye tankar og nye vurderingar kom inn i bygdasamfunnet. Verdensbiletet vart utvida. Somme her heime heldt norsk-amerikanske blad, slik som Decorah-Posten. Kontakta mellom utvandrarane og folk heime i bygda var god. Amerikabreva vart lesne av mange i slekt- og venekretsen. Ofte var dei fulle av helsingar, og dei fortalde ikkje berre om korleis brevskrivaren hadde det, men og om korleis alle som var utvandra frå bygda, og som han kjende, levde, om kven som vart gift med kven, om barn som vart fødde og om dødsfall. Det breva ikkje fortalde om, var det harde slitet, miljøproblem, og den såre lengten etter sin barndomsdal med fjell og åsar. Ikkje alle gjekk det like bra med. Det fortalde breva lite om.

Frå emmigranten kom dei første fotografia til Fron. I litt frammande klær, mot ein fin bakgrunn, stod han på hylla eller kommoden med kjære og kjende drag.

(Frå Gardar og slekter i Fron, bind I, publisert her første gong 25.2.2014)

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s