Daily Archives: 3. januar 2015

Ulvei trollkjerring

Sjå opp for ho Ulvei!

IVAR KLEIVEN: I Skuthella ovanfor Kjorstad budde det eit jutulkvinnfolk i utgamal tid, før St Olav kom og innførde kristendomen her i dalen. Ho kallast Ulvei, og da det vart bygd kyrkje på Fron og kyrkjeklokkene bar til å ljome utover bygda, vart ho Ulvei så sint, at ho kasta to digre gråsteinsheller etter kyrkja. Til all lykke rakk ikkje nokon av hellene fram, men datt ned nordafor kyrkja på grunnen til Listad. Kyrkje og kristendom var ho hataug på, men da ho endeleg rauk med og skulle i jorda, var det nok meininga at ho skulle til kyrkjegarden, men ho var så styggeleg tung, at det var umogeleg. Dei kjørde ho med 12 gampar, men dei orka ikkje dra ho lenger enn dit, der dei to steinhellene hennar datt ned, da ho kasta etter kyrkja. Og så reiste dei desse steinhellene på grava hennar: den største, stor som noko merralass, vart reist over bringa. Den andre hella er berre helvta så stor, og ho vart reist over knea, men ho har vorte øydelagd. Mellom dei to steinane var det minst to meter, og derfor må ho Ulvei ha vore eit utur måta vørkje, så det var ikkje rart at det kniptest med å få kjørt ho til grava. Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Folketru, Kvinner

Du kan vinne 5000 kroner!

videokonførste

Er det du som har denne i handa i oktober?

Fron historielag inviterer til konkurranse om den beste lokalhistoriske videoen frå Fron 2015. I Fron kan ein ause av tema for ein lokalhistorisk video. Det er lagt ut mykje videostoff på denne sida som kan brukast. Det er mange tusen historiske stillbilde i bildearkivet her på sida. Dei kan ôg brukast. Det er berre å bla i årgangane av Fronsbygdin, så regnar det med idear. Hugs – du treng ikkje gå så langt tilbake i tida. Ein av dei mest sette postane på denne sida i fjor var ein film frå Skåbu i 1974. Nå er også 2014 blitt historie. Vil du vera med, rår vi til at du tar kontakt, så kan du bli med på ein verkstad, der du får gode råd og innspel og eit løft til ideane dine. Her er vinnarane i videokonkurransen 2014. Her finn du ôg det juryen hadde å seie om dei tre videoane. Du kan sjå kva juryen la vekt på. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon