Monthly Archives: januar 2015

Vart det bråk, skulle dei slå med spaden

Dei fleste ungdomane som vart innkalla til arbeidsteneste, møtte fram, også etter at organisasjonen var overteken av NS. Dei fleste såg det ikkje som unasjonalt å delta.. Foto: Sverre J. Hovden. Bilde frå Signe Reidun Graffer/Vegar Skar

CARL HENRIK GRØNDAHL: Ein gong etter 1941 vart Sverre J Hovden frå Hundorp utkommandert til obligatorisk arbeidsteneste saman med andre unge menn frå Midtdalen i vernepliktig alder. Dei held til på Fylkesskulen i Ringebu. Han har tatt desse bilda frå denne tida. Nokon interesserte som vil undersøke dette og skrive ein artikkel i Fronsbygdin? Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn

Dei kom aldri attende

Esther, Klara og Samuel Karpol: Sørfrøningar som mista livet i tysk konsentrasjonsleirar under andre verdskrigen.

I dag, 27. januar, er den internasjonale holocaust-dagen. Eit lite kjend kapittel i krigshistoria i Midtdalen er da holocaust kom til Fron, i november 1942. Men ei historie er etter kvart kjent,  historia om Karpol-familien, som budde på småbruket Skurdalsbrenna i Sør-Fron. Bjørn Sletten har ein interessant artikkel i Dølen.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn

Hvor mange kalverumper mellom himmel og jord?

Bilde frå nr14.wordpress.com

IVAR KLEIVEN: Lars Dalshaugen var ein dugeleg og gløgg skyttar, stor, staut og røssleg. Han hadde ord på seg for å ha svarteboka og kunne kverve synet på folk. Somme sa han hadde tatt alterbrødet ut av munnen og skote gjennom det. Lars Dalshaugen var skomakar og dreiv mykje med skoabeid i gardane. Før jul ein vinter hadde han vore i Massing og gjort sko til Ola Massing, som var ein bibelklok mann. Han visste ikkje noko så gildt som når han fekk sette folk fast med spørsmål frå Bibelen. Nå da Lars Dalshaugen var ferdig med skoarbeidet og skulle gå heim att, tykte Massing´en at dei fekk smake på julebrennevinet. Ola var borte i skapet etter ei flaske og drammeglas, og karane godgjorde seg og kom på godt møle. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Litteratur, Menn, Språk

Kamsfossen

kamsfossen

Kamsfossen

OLE CHR. RISDAL: Her er det siste Sigmund Hernæs-måleriet frå bygdahuset i Skåbu. Kva som er opphavet åt namnet på fossen, er det nok fleire som har grunna på. Frå gamalt åtte Kampesetra all jordvegen nedover til Kamsfossen. Det er da lett å tru at garden og fossen har samband med kvarandre. Men bokstaven «p» har ikkje vore med i namnet korkje i skrift eller tale til vanleg. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Verksemder

Dei hadde sett og hørt einkort som ikkje var riktig

Om hausten i mosetakinga kunne det råke til å vera halvthundre mosefolk, som låg i fiskjebuene ein vekes tid og meir. Foto: sfn.no

IVAR KLEIVEN: Det er oppsett så mange gilde fiskjebuer og naust ved Furusjøen at det såg mest ut som ei lita grend, og det var bruk for husrom der ôg til somme årstider. For det var ikkje berre skyttarar og fiskjarar som låg i desse buene ved Furusjøen, skal tru: om hausten i mosetakinga kunne det råke til å vera halvthundre mosefolk, som låg i fiskjebuene ein vekes tid og meir. Det var fullt hus i alle buer kvar natt så lenge mosetakinga stod på, karar og kvinnfolk etter som det fall seg. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Jakt og fiske, Setring

Kva folk veit!

Sør-Fron kyrkje i 1847.

Eit framifrå døme på kor bra ei Facebook-side kan fungere til å få fram lokalhistoriske fakta. Og kor mykje lokalkunnskap det finst hos folk. Kåre Hosar la ut denne teikninga på Du væt du e frå Sør-Fron når... og denne kunnskapsutvekslinga følgde: Les meir

Éin kommentar

Filed under Kunst og handverk

Hernæs: Kjente landemerke

raggen

«Raggen». Elvestubben mellom Sandvatnet og Kaldfjorden, ikkje langt frå «Londbuene». Det var her denne berykta «Lundestyggen» heldt til under striden med valdrisane.

OLE CHR. RISDAL: No har vi altså lagt ut alle gardsbruka som Sigmund Hernæs måla. Men på bygdahuset i Skåbu heng det også bilete av andre kjente landemerke i Skåbutraktene: Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Setring

41 måleri

Sigmund Hernæs. Foto: Arne Hernæs

41 måleri av nesten alle gardsbruka og setrene i Skåbu og Tverrbygda, ei fantastisk gåve til bygdahuset i Skåbu frå Sigmund Hernæs, er nå samla på ei side her på denne bloggen til Fron historielag. Med gardsnamn og noko historikk. Du finn ôg sida nede til høgre – under Einbu-samlinga.

 

Éin kommentar

Filed under Informasjon, Kunst og handverk

Ved eit vegskil – tettstader og kulturminne

e6kartGudbrandsdalsseminaret 2015 Maihaugen onsdag 28. januar 2015: Når den nye Europaveg 6 står ferdig, har vi sett det største menneskelege inngrepet i Gudbrandsdalen etter at jernbana kom til dalen. Det gjeld både fysisk og kulturelt. For meir enn hundre år sidan vart jernbana bygd oppover dalen. Tida skaut fart. Folk tok til å stille klokka etter toget, slik dei før hadde lydd kyrkjeklokka og gardsklokkene. Kring jernbanestasjonane var tettstadene i ferd med å vekse fram og bli til handelssentrum i bygdene. Den nye E6 går utanom tettstadene og rett igjennom kulturlandskap og fjell. Først og fremst vil han vera ei gjennomfartsåre, og da kan Gudbrandsdalsvegen (nåverande E6) bli ein veg for dei lokale – og for dei som vil sjå og oppleva meir enn frå den nye vegen. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon, Kunst og handverk

Allernaadigste Konge, hav medlidenhed med os!

old_poor_lady_by_mujaah-d5ferfc

Nu vil ingen huuse os, umuelig kan vi komme hjem, hva skal da blive av os? Tegning: Mujaah

OLA MORKEN: Angående sunnhetstilstanden i Fron i gamle dager, kom jeg over følgende, satt sammen av flere brev i det Danske Kanselli, fra mai 1773,  der flere «med Venerisk Sygdom befængte», søker om fri kur på Salvation Huuset i Christiania:

Vi undertegnede fattige og elendige Mennisker henflye til Deres Majestæt allerunderdanigst og væmodigt bedende om Hielp og Redning.        Jeg Goroe Jonsdatter, Karen Erichsdatter og Niels Sørensen fra Froen i Gulbrandsdahlen ere alle tre ligeledes befængde, har gaaet 27 Miile i vår usselhed. Nu vil ingen huuse os, Øvrigheten siger: De kan ei hjelpe os, umuelig kan vi komme hjem, hva skal da blive av os.

Alle brev oppsummeres slik: Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Kvinner, Menn