Monthly Archives: desember 2014

Konsten å lage ski

Løyparski og andorski

IVAR KLEIVEN: Kvikneverane og skåbyggingane har frå dei eldgamle tider hatt mykje bruk for ski på alle fjellferdene deira med veiding og isfiske og elles i samferdsle med grannebygdene. Derfor vart dei snøgt oppøvde skilauparar og var sikkert i lange tider dei beste skilauparane i heile dalen. Denne lange oppøvinga har lært dei å finne ut ei framifrå godgjerd på skia sine, og likeeins å leite seg ut det beste skivørkje som var å finne. Dei gamle fjellmennene arbeidde nok skia sine kvar til seg, men oftast hadde nå bygdene skimakarar som gjorde ski til kven som tinga dei. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Idrett

«Slik læt det på Fron»

JuniorspelleOLE CHR. RISDAL: I desse dagar er det 40 år sidan Anton Amundgård og Arne Risdal sette i gang med feleopplæring på Sør-Fron. I 1981 gav juniorspelemannslaget ut kassetten Slik læt det på Fron. Her er det mykje tradisjonsstoff frå Midtdalen::

Og sjå kven som deltok:

Les meir

Éin kommentar

Filed under Musikk

Videokonkurransen 2015

Videokonkurransen 2014: Førsteprisvinnar Charlotte Skar flankert av dei to som delte 2. prisen: Tove Østby og Ivar Østby

Fron historielag inviterer til konkurranse om den beste lokalhistoriske videoen frå Fron 2015. I Fron kan ein ause av tema for ein lokalhistorisk video. Det er berre å bla i årgangane av Fronsbygdin, så regnar det med idear. Men mange gamle kjem aldri til å skrive ned minna dei har frå 30-talet, frå krigen, frå liv og arbeid i ei tid som hadde heilt andre verdiar og vilkår. Berre nokre steinar og stokkar står att av hus der dei levde og elska, song og sleit. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Sigmund Hernæs-måleria 4

OLE CHR. RISDAL:  Tre nye Sigund Hernæs-måleri frå bygahuset i Skåbu. Dei andre ligg her:

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk

Fronsbygdin 2014 på Rudi gard

IMG_0018

Søndag 7. desember får du kjøpt Fronsbygdin 2014 og tidlegare årgangar på julemarknad på Rudi gard. Var du ikkje der? Sjå til høgre på sida.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Bruer i Fron: Harpebrua

RAGNAR ØVRELID:  Harpebrua har stått der uten lange avbrot til i dag. Når all annan overfart var stengd, var det den å stole på. Vi høyrer om brua i 1633, da gardane i Rysland vart usamde om vedlikehaldet. I 1790 let bygda byggmeister Jehans Korpberget sette opp ei ny trebru. I 1846 måtte trebrua avløysast av ei sterkare, av stein. Ein spesialist frå Toten sette brua opp. Men han var uheldig da han skulle slå ned stillaset, og brua vart skeiv. Enda verre vart det etter storflaumen 1860, da svære tømmerflokar reiv bort steinar i fundamentet. Brua stod likevel til 1880-åra. Da hadde sprekkene blitt så store at vegvesenet trua med å stenge brua. Så i 1892 måtte Sør-Fron til med brubygging att. Brua frå dette året stod til 1940, da ho vart sprengd i krigsdagane. Den noverande Harpebrua vart bygd i 1950-åra. Da hadde det stått ei provisorisk bru sidan sprenginga i 1940.

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Sigmund Hernæs-måleria 3

OLE CHR. RISDAL: Her kjem sju nye Sigmund Hernæs-måleri frå bygdahuset i Skåbu:

kappelslåa2

Her er den gamle garden Kappelslåen, som ligg lenger ned mot Olstappen. Den vart fråflytta på 1950-talet, og familien bygde og rydda seg ny gard på plassen Karistugu (gammal husmannsplass under Kappelslåen).

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk

Folk i Kvam får hente presten sjølv!

Korleis går med skyssplikta på ny E6 ved Odenrud i Sør-Fron? Foto: Statens vegvesen

Når nye E6 tar form gjennom Fron, kan det vera godt å ha litt perspektiv og lesa det RAGNAR ØVRELID skriv: Skyssplikta var den verste. Frå dei eldste tider hadde bøndene hatt plikt til å skysse kongen og hans folk. Klager over dette høyrer vi om alt i 1400- og 1500-åra. Men på 1600-talet vart det verre. Embedsstanden auka på og vart flittigare: Bispane

visiterte nesten så ofte som de hadde plikt til, og bøndene slet og rodde, red og drog: Prestene var pliktoppfyllende, messefallene ble færre, og bøndene skysset

skriv Sverre Steen. Futen skulle ha føring med skatten. Adelsfolk skulle skyssast, og offiserane som reiste rund og øvde opp nye soldatar. Mange privatpersonar hadde friskyssbrev, eller laga seg slike sjølve – ikkje mange av bøndene kunne lese. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Ta toget gjennom Fron

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon