Takk for 2014!

stjerneGode nyttårsønske frå oss i Fron historielag.! Det har vore eit triveleg og aktivt år på denne heimesida.  Desember vart rekordmånad med 17 278 treff i skrivande stund. Omlag 60 000 besøk frå 21 land i 2014. Dei las til saman artiklane 150 590 gonger så langt. Fem på topp:  Eivind Holens Vis-Knut spådde rett, posta i januar og påny i desember. Til saman 6140 las han. Omlag 3000 las Håkon Sveen om Kvamshumoren. Fride Gunn Rudi fortalde Slik enda vintersetringa på Furuseter i 1933, og  1503 har lesi det ho skreiv. Ole Chr. Risdal fann fram til eit tv-program Arvid Møller laga frå Skåbu for 40 år sidan. Så langt har 1242 sett det. Redaktøren melde den nye Peer Gynt på Gålå i august  – Inn i teaterhistorien, lesen av 1217.

Kva for nettsider kjem dei frå, dei som finn denne heimesida? Flest kjem frå Facebook-sida til histlorielaget. Dernest frå startsiden.no, ikvam.net, translate.google.no og heidal-historielag.org. Kva for søkarord brukar dei for å finne oss? Sjølvsagd Fron historielag i ein eller annan form. Kvar bur dei? Dei fleste i Norge, men frå USA har vi hatt besøk 3339 gongar og frå Sverige 1655. Både Spania, Danmark, Tyskland og Russland ligg høgt oppe på lista. Triveleg ôg med ein frå Syria, ein frå Maldivane, Burkina Faso og Fransk Polynesia.

Vel møtt til 2015. Har du tankar, innspel, vil du vera med, er du hjarteleg velkommen.

 

 

 

 

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s