Hansen på Fefor – kva var det for ein kar?

hansen2

Gamle Hansen i 1953. Litt av ei historie og litt av eit liv.

HANS PETTER KLEIVEN:  Han åt både kråke og skjor, til og med hoggorm. Han fiska, jakta, fanga vilt og levde eit spartansk liv. Ein fenomenal person, godt likt av alle, gavmild, galant og glad i damer. Og så har han sett sjøormen i Feforvatnet! Vart det sagt om han. Dei fleste eldre frå Midtdalen kjenner til Hansen og har noko å fortelja om han, sjølv om nesten ingen veit kva fornamnet hans var, og få har vel nokon gong møtt han. Det er difor på høg tid at vi lyfter litt på det mystiske sløret som ligg over Hansen og livshistoria hans. Hans Severin Hansen, forfattaren Johan Bojer og multikunstnaren Pål Kluften hekk i mange år saman som erteris. Med jamne mellomrom tok dei inn på Fefor Høifjellshotel for ei veke om gongen og levde livet. Ingen av dei var spesielt interesserte i damer, og desse opphalda var datidas «gutta på tur». Pål Kluften var alltid innom anretningen og «spela for jentom», og karane dominerte miljøet på hotellet når dei budde der, seier dei som hugsar det.

Til 74-årsdagen til Hansen den 5. mars i 1941 skreiv Pål Kluften eit dikt til «en gammel fjellmann». Det fortel ein god del om tusenkunstnaren, levemannen og naturvennen Hans Severin Hansen:

Jeg våger meg Fefor-Hansen!
Han er friskeste gutten i dansen,
og kneik og li
det greier han flott på ski.
Attpå synger han
«Deilig er den himmel blå»
så det er en lyst å høre på.

Ja, Hansen kan bake
den nydeligste kake
og fineste kringle.
Slikt gjør´n nå sikkert, uten å vingle.

Han skurer golv og han pusser kjeler,
han kan også handsame feler.

Hansen er fisker og naturvenn
som intet kan tynge.
Det påstås at han har hørt
hoggormen synge

Og Hansen er den hyggeligste kar,
kan du veta,
vi skylder´n for både
sjokolade og sukkerbeta.

Han feirer fødselsdag hvert år,
men etter som tida går,
så blir han ikke eldre og tyngre.
Å nei da! Den samme Hansen
blir alltid yngre.

Ja, kjære Hansen!
Gid du lenge må delta i
gleden og dansen,
stadig holde oppe dampen
og være fjellvakt her
ved Feforkampen!

Hans Severin Hansen var fødd 5. mars 1867 i Osøren utanfor Bergen. Faren var jektskipper, mora døydde i 1880, berre 43 år gammal. Hans Sverin vart konfirmert i Os kyrkje i 1881. Karakteren han fekk, var «Temmelig Godt.» Etter konfirmasjonen drog Hans Severin frå Os ved Bergen til Kristiania og tok til som lærling i snikkarfaget og vart møbelsnikkar. Han ville nå ta seg ein tur heim til Os og helse på slekta. Saman med eit par kameratar skulle han gå over fjellet vestover og gjekk nordover på Austlandet før dei tok fjellet fatt. Dei kom til Strætesetra på åsen mellom Lågen/Rudsbygd og Saksumdalen. Her vart dei tekne vel imot av ei blid og vakker budeie, Anna Stræte. «Fåbergs Rose» vart ho kalla. Dette møtet vart avgjerande. Anna flyttar inn til Kristiania, og dei to vart etterkvart gifte.

Lege Christian Bang overtok Fæfor Sanatorium i juli 1898. Ei større oppgradering tok til. Han sette fort igang med nybygging og flytting av hus. Til dette trong ein flinke folk. Om Bang hadde kontakt med Hans Severin Hansen i Kristiania veit vi ikkje, men det er truleg. Det er i alle fall sikkert at ved folketeljinga i 1900 finn vi Hansen og familien på plass som vaktmeisterpar på sanatoriet. At han var møbelsnikkar var nok berre eit pluss, da mykje nybygging var i gang. Han er nå 33 år gammal og drøymde om å få til noko for seg sjølv, og han drøymde stort. Han ville byggje sanatorium sjølv!

Ivar Chr. Bang ønskte ikkje konkurrentar og hadde m.a. fått tinglese ei avtale med gardbrukar Kristian Bøe i Ruste, som hadde seter på Fefor om at «ikke paa sin sæterløkke at tillades opført hotell, sanatorium eller pensionat.» Men Hans Severin Hansen visste råd. Han tok kontakt med Ole O. Botten (Bryhn), eigar av naboteigen til Bø, nærare Feforkampen, der skiheisen er i dag, og fekk ja på tomt. I 1901 vart skjøtet tinglese for eigedomen «Fæforkampens Høifjeldssanatorium».  Prisen for tomta var 2000 kroner. Truleg teikna han sanatoriet sjølv, men kven som sto bak med pengar til bygginga, er ukjend. Dette utløyste ein bitter strid mellom Hans Severin Hansen og Ivar Chr. Bang. Fysiske hindringar med stenging av veg er eit av døma.

Hansen sette igang prosjektet sitt med ein gong, og året etter, 26. juli 1902, tek fotograf H. H. Lie på Vinstra det kjente bildet av det nye Fæforkampens Høifjeldssanatorium. På dette eine året har Hansen fått opp i alt åtte små og store bygningar og kunne ta imot dei fyrste av dei 25 gjestene det var plass til. Nå var Anna og Hans Severin Hansen sanatorieeigarar.

Draumen til Hansen og Fåbergs Rose. Bilde frå Knut Bay/Vegar Skar

Fæfor Sanatorium med dr Bang som eigar opna i 1903 for vinterturistar. I 1905 gjer Fæforkampens Høifjeldssanatorium det same. Kongefamilien hadde tilhald på Fæfor Sanatorium i fleire år og fekk sine fyrste leksjonar i skibruk her i lia opp mot Feforkampen. Bilde og omtale av dei kongelege gav god reklame for Fefor-området. Framtida såg ljos ut for familien Hansen, som nå budde i «Centralbygningen» i eiga verksemd.

I påska, 16. april 1908, står Hans Severin og sonen Sverre nede på isen på Feforvatnet og pilkar. Da ser dei elden slå opp gjennom ei av pipene på «Societetsbygningen», ein pipebrann som etter kvart går over i bygninga. Den brenn ned til grunnen, mens dei andre bygningane berga seg. Dette vart eit hardt slag for familien Hansen.

Hans Severin rekna med at den gamle branntaksten skulle dekke omkostningane til ei ny bygning. Han hadde fått tilkjørt materiale nok til å få opp att reisverket. Det vart gjort på hausten. Så vart det stopp. Pengelaus fekk han ikkje kledd bygget og lagt på taket.

Midt oppe i dette skranta ekteskapet. Anna tok med seg dei to ungane og flytta til Lillehammer. Ho fekk seg arbeid som hushaldar for ein lærar, men fekk ikkje ta ungane med i huset. Dei vart difor plassert ut hos andre. Sverre kom til ein familie Engen, og Synnøve til ei ugift syerske, Anna Holtlien i Løkkegata. Hans Severin var sta og vart på Fefor, glad som han hadde vorte i dette fjellområdet. Han driv litt utleige og håper å få opp att «Societetsbygningen». Sjølv budde han i «Drengestuen», eit lite krypinn på vel 15 kvm. Om ikkje dette skulle vera nok, bles reisverket han hadde sett opp til den nye «Societetsbygningen», ned i ein storm. Det var nå i åra fram til 1916 at han levda av det naturen gav, fugl og fisk, ja endatil hoggorm, som det vart fortald! Han driv som fangsmann, fiskar og er guide for andre jegarar og selde av fangsten for å skaffe seg nokre kroner.

I 1910 gjekk det mot tvangsauksjon, og ein Skurdal tok over Fæforkampens Høifjeldssanatorium. Hansen fekk inntil vidare bu i drengestuggu. Ei stugu «uten egentlig grunnmur», som det står i branntakstpapira frå 1902. Godt likt som han var mellom folk flest, vart Hansen godt kjend med hytteeigarar og jegarar. Av ein som heitte Russ, fekk han lånt pengar til å kjøpe seg ny tomt i lia under Feforkampen. Skylddeling skjedde St. Hanseftan i 1916, og på spørsmålet om kva tomta skal hete, svara Hansen: «Ettersom det er St. Hans i dag så kaller vi den for St. Hanshaugen». Den nye draumen til Hansen var nå å få opp ei storhytte, der han kunne ta imot jegarar og andre friluftsinteresserte. Han fekk sett seg opp ei lita hytte på ca 20 kvm, ei hytte han kom til å leva i til han passerte dei 90.

Hans Severin fekk teikna storhytta og tok til med grunnarbeidet òg. Men det tok lang tid, aleine som han var. Han levde elles eit «trapper-liv», med fiske, jakt, fangst og guiding.

Så kom det ny eigar på Fefor, Walterfamilien, attpåtil frå Bergen, sonen Sverre kom med pengar, og gode jaktkameratar lånte han pengar. Nå tok eit nytt liv til for Hans Severin Hansen. Til og med Anna, den fråskilde kona,  lånte han 3000 kroner.

Saman med sonen Sverre frakta Gamle Hansen, som dei tok til å kalle han, tømmer til St. Hanshaugen, leigde  ei dampsag frå Kvam, og i løpet av 1920 saga dei tømmer og materiale nok til heile storhytta. I åra framover til 1925 brukte far og son mykje tid på å få hytta ferdig. Dei gjorde alt sjølve, kvar ein stokk høvla dei, laga vindauga og dører, snikra alt inventar som skap, senger, stolar og bord og benker.

Så kunne Hansen leige inn kokke i sesongane, mellom anna fru Huse frå Lillehammer, og leigd ut soveromma i den nye fine storhytta til folk som kom for å bli med han på turar i fjellet. Sjølv budde han i den vesle hytta nokre få meter frå storhytta.

Storhytta på St. Hanshaugen på Fefor. Hansen og sonen gjorde alt sjølve. Bilde frå Randi og Johannes Lunde/Vegar Skar.

Gamle Hansen fekk eit godt forhold til dei nye eigarane på Fefor og gjekk ut og inn der som ein av hotellet sine folk. Han skaffa mykje fisk og vilt til hotellet, og alltid kramsfugl til Chr F. Walter på gebursdagen hans. Da var Gamle Hansen gjest i laget.

I 1950 baud Gamle Hansen hytta fram for sal til brødrene Dahl. Nå ville han bli pensjonist, 83 år gammal. Han vart ved handelen sikra at han kunne få bu i veslehytta så lenge han ville. Han var passert 90 da han motvillig flytte inn til dottera, Synnøve Rytter, i Oslo. Her døydde han 17. mai 1961. Ein gründer i reiselivet og ein ekte fjellets sønn la ned vandringsstaven.

Utdrag frå artikkelen Litt frå reiselivet i Fron i Fronsbygdin 2009. Publisert her første gong 11.3.2014

5 kommentarar

Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Menn, Verksemder

5 responses to “Hansen på Fefor – kva var det for ein kar?

  1. Per Slåsletten

    Jeg husker far min(Paul Slåsletten) prata mye om gamle Hansen på Fefor.Han traff han ofte på sine uttallige pilketurer på Feforvatnet.Det vart sagt at Hansen var ikke nådig med de som prøvde å bruke pilkehullene hans,men far var nok en av de heldige der.Han fortalte at de etter hvert vart gode pilkevenner som brukte hverandres pilkehull.Han vart sågar innbedd i hytta hans flere ganger for å verme seg.Og da vanket det som regel en god dram av kjøpebrennvin som han sa.

  2. Hans Petter kleiven

    Sjå «Fronsbygdin»2009 side39 -53 om Fefor og Gamle Hansen. Der har eg skrive ein heil del om Hans Severin Hansen.. Helsing Hans Petter Kleiven.

    • CHG

      Det er den artikkelen eg har brukt og redigert eit utdrag frå. Gildt stoff. Men kjøp boka! Der er det meir om Fefor og mangt anna.

  3. Ketil Johansen

    Hallo! Takk for fin artikkel.
    Jeg kan kanskje forklare noe av de ekteskapelige problemene du skriver om her. For den 27.3.1906 fikk Hans Severin en datter, men Helmine Carlsdatter fra Rygge. Både Helmine og datteren Martha Sofie Hedlai Hansen bosetter seg etter hvert i hjembygda Rygge. Er denne historien kjent?

    • Hans Petter Kleiven

      Hei Ketil Johansen,
      Nei, dette har vi ikke hørt om før. Jeg skal se på artikkelen om Hansen på Fefor igjen og så ta kontakt igjen. Interessant.
      Hans Petter Kleiven

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s