Daily Archives: 28. desember 2014

Hansen på Fefor – kva var det for ein kar?

hansen2

Gamle Hansen i 1953. Litt av ei historie og litt av eit liv.

HANS PETTER KLEIVEN:  Han åt både kråke og skjor, til og med hoggorm. Han fiska, jakta, fanga vilt og levde eit spartansk liv. Ein fenomenal person, godt likt av alle, gavmild, galant og glad i damer. Og så har han sett sjøormen i Feforvatnet! Vart det sagt om han. Dei fleste eldre frå Midtdalen kjenner til Hansen og har noko å fortelja om han, sjølv om nesten ingen veit kva fornamnet hans var, og få har vel nokon gong møtt han. Det er difor på høg tid at vi lyfter litt på det mystiske sløret som ligg over Hansen og livshistoria hans. Hans Severin Hansen, forfattaren Johan Bojer og multikunstnaren Pål Kluften hekk i mange år saman som erteris. Med jamne mellomrom tok dei inn på Fefor Høifjellshotel for ei veke om gongen og levde livet. Ingen av dei var spesielt interesserte i damer, og desse opphalda var datidas «gutta på tur». Pål Kluften var alltid innom anretningen og «spela for jentom», og karane dominerte miljøet på hotellet når dei budde der, seier dei som hugsar det. Les meir

5 kommentarar

Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Menn, Verksemder

Kvamshumoren

Hakonsveen

Håkon Sveen i revyen «Trønder og døl»

HÅKON SVEEN: «Eg skal fortelja ei kvamshistorie.» Dei fleste som har vore på kurs, seminar eller i festlege lag, kjenner seg vel att? Neste same kor du er, vil du oppleve at ein eller annan i forsamlinga tek ordet og startar slik. Utanfor distriktet følgjer så ein stutt forklaring om kor Kvam ligg i landet, men jamnt over har eg inntrykk av at svært mange allereie veit kor bygda er. Slik sett har lynnet vore med på å setja kvamværen og heimplassen hans på kartet. Kvamværane blir sett på som lettliva og humoristiske. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Språk