Unik film frå Isum!

DSC_0156

Flott 95-åring! Anne Marie Tron har framleis glimt i auget, og med hugs som ein ungdom har ho mykje å fortelje frå eit langt liv. Ho følgjer nøye med på kva som skjer, ikkje minst på Facebook!

OLE CHR. RISDAL: Anne Marie Tron blei fødd på Isum i 1918. Som vanleg var på den tida, måtte ho tidleg lære seg til å arbeide. Nokre av dei finaste barndomsminna ho har, er livet på setra. I 1937/38 skulle også seterlivet bli foreviga. Det var den kjende filmfotografen Paul Berge frå Fåvang som sytte for det. Han laga fleire opplysningsfilmar for å dokumentere jordbruket i Noreg. Du kan lese meir om han i Årbok for Gudbrandsdalen 1999. For mange år sidan blei det også laga eit NRK-program frå Isum, der Anne Marie og dei fire syskena hennar, Iver, Ragnhild, Pauline og  Tor, deltok. I det programmet blei det også vist klipp frå denne gamle filmen, der Ragnhild, Pauline og Tor var med. Historielaget har hatt originalen i mange år, men no er den endeleg digitalisert. Her kommenterer ho sjølv det ho var med på for 75 år sidan. (Publisert her første gong 29.11.2013)

Kommenter innlegget

Filed under Jakt og fiske, Setring, Verksemder

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s