Oppvekst på Sør-Fron prestegard

Nr. 140  August 1998ØYSTEIN HOV: Å vekse opp på ein prestegard er spesielt. Sverre Hov var sokneprest i Sør-Fron i åra 1950-1974, og i denne artikkelen ser den yngste av ”presteungane”, Øystein Hov, attende på oppvekstår på prestegarden: Etter kvart som vi ungane voks til, så skjønte vi nok at det var stor politisk spennvidde i bygda. Sør-Fron var frå gamalt ei av dei rikaste bygdene i Gudbrandsdalen. Kyrkja frå 1789 ber vitnemål om velstand mellom bøndene og ein sterk vilje til å manifestere dette ved å byggje eit storfelt kyrkjehus. Men Sør-Fron hadde også ein ganske stor klasse av eigedomslause som hadde lite å greie seg med. ”Fattig-Fron” kunne vere ei nemning som vart brukt om desse. 

Øystein Hov

Øystein Hov

Foreldra mine, Liv f. Wiborg (f 1922) og Sverre Hov (f 1904, d 1998) kom som prestefolk til Sør-Fron i januar 1950 med syskena mine Solveig (f 1946) og Leiv (f 1949), medan eg vart fødd om sommaren i 1950. Far sat i embetet som sokneprest i Sør-Fron til han gjekk av med pensjon i 1974, slik at eg hadde barne- og ungdomstida i Sør-Fron. Som barn opplever ein tilveret berre på ein måte. Som vaksen kan ein reflektere og sjå seg attende med meir enn eitt perspektiv. Kva er det som er spesielt med å vekse opp på ein prestegard?

 

Prestegarden og drifta

Makttilhøva frå gamalt bestemte at prestegarden låg på ein av dei finaste plassane i bygda. Slik er det òg i Fron. Mange plassar i Gudbrandsdalen er det fleire etasjar oppover dalsidene, ikkje minst er det slik i Sør-Fron. Gamal elvebotn og flatare jord enn elles gjer desse etasjane over den nåverande dalbotn særleg verdfulle som jordbruksland. Jorda er fruktbar og temperaturen blir ikkje så låg som av og til kan vera tilfelle nede ved Laugen i klåre og stille haust- og vinternetter. Utsikta nordover og sørover dalen er utan like. Det var tømmerfløting på seinvåren og førsumaren med Laugen stor og full av gule stokkar. Saukampen ligg kvit og mektig om vinteren. Nårkampen er avrunda og med kvit mose på toppen. Framfor Nårkampen går dalføret opp til Tofte, der alle regnskurene flyg oppover og gjer sitt til at det kan vera turt i Midtbygda sommarstid.

Far hadde da han vart utnemnd i embetet, det formelle ansvaret for drifta av prestegarden, mellom anna for at alle avgifter vart betalte. Ein del av løna var naturalia frå prestegardsdrifta, fyrst og fremst mjølk, kjøt og ved. Dette var vanleg på landet fram til omkring 1957. Dette var ei ordning med røter langt bakover i tid. Som gamle ordningar flest, så låg også denne på sotteseng i mange år før staten gjorde om og sørgde for at presten hadde fast statleg løn og bortleiga av prestegardane vart ordna utan at presten var mellommann.

Hagen var eit kapittel for seg, med fire terrassar, sentralakse, murar rundt og inndeling i regelmessige kvartal med jordbær, bærbuskar, frukt og grønsaker, staudebed og med plen. Hagen vart til i ei anna tid, truleg på 1700-talet med driftige, jordnære prestar og med gardsdrift som tillet å ha arbeidsfolk til å ta seg av alt som måtte gjerast. Etterkvart som vi borna voks til så hadde vi pliktarbeid i hagen. Vi måtte slå graset, klyppe hekken, plukke bær om hausten. Eg hadde skulehage, og Kåre Hernæs og Arne Larsen kom på inspeksjon. Det vart aldri nokon suksess, ugraset tok overhand, eller udyr eller mangel på vatn tok det som eg hadde hatt andre planar for. Dette vaksinerte oss barna for livet for nemneverdig hagearbeid.

Presten og presterolla

For det andre er det presteyrket. Far hadde ein fast rytme i arbeidet og han hadde ansvaret for mange område. Eit område var at han som prest møtte folk ved fødsel, konfirmasjon, vigsel og gravferd. Han hadde ein krets av gamle som han besøkte i heimen deira. Han kjente omtrent alle i bygda og hadde utruleg oversikt over gardar, plassar, slekter og lokale samfunnstilhøve. Som born fekk vi del i røynslene han gjorde seg om korleis folk hadde det og tenkte. Svært mange i Sør-Fron var småbrukarar eller dreiv med handverk, og far kjende seg heime blant dei.

Gudstenestene var eit anna område, og eit tredje område var arbeidet han gjorde heime med lesing og skriving. Han var svært kunnig i kunst og kultur, historie og samfunnsspørsmål, og skreiv mykje i Kirke og kultur, i aviser og han hadde hovudansvaret for Kyrkjeblad for Sør-Fron, som kom ut med om lag 10 nummer i året frå januar 1956, og med fire sider kvar gong.

Det var gjerne gudsteneste i kyrkja annan kvar søndag, og elles mange andre stader i soknet. Eg var ofte med far på søndagane når han skulle ha messe eller gudstenesteleg møte som han gjerne kalla det, på skular eller i private heimar rundt om i grendene, eller på fjellet om sumaren når det var seterdrift. Det var artig å koma inn i andre skulehus for meg som høyrde til i Nerbygda skulekrins og der det var skuleklasse på kvart alderstrinn. I mange skulekrinsar var det fådelte skular. Småskulane på søndagsformiddagen lukta av grønsåpe. Det var god orden og liv som hadde søndagsfri, og med ein lærar som hadde totalansvaret for alt og som trødde pedalorgelet til salmesongen og gjerne inviterte til kyrkjekaffi etterpå. Og om ikkje læraren trødde orgelet, så kunne det vere ein i grenda som til dømes Oddbjørg Tofte i Tofte, eller mor kunne også trø til dersom det var krise. Som regel var skulehuset eit gamalt tømmerhus med ei skulestove. Det var pultar med blekkhus og trebenk. Innreiinga elles var enkel med eit og anna bilete med stor nasjonal symbolverdi, som avtrykk av grunnlova frå Eidsvoll i 1814. Ofte var det mange idrottsskjold på veggen, og dess brattare grenda var, til fleire skjold synest eg å hugse det kunne vera på veggen, slik som til dømes i Tofte, i Bergdal eller i Øverbygda. Inntrykket var at ungar som voks opp i brattlende, vart flinke til å stå på ski og hadde god kondisjon.

 

Skulen

Det var seks eller sju skulekrinsar i Sør-Fron da far kom dit. Skulehusa var gamle, til dømes Øverbygda (Nordre Øverbygda) som vart bygd omkring 1860 da fast skule vart innførd som ordning. Ofte var det skulestove i den eine enden og eit enkelt husvere i den andre, slik som i Øverbygda. Ordninga med mange skulekrinsar og med gamle og ganske utidsmessige skulehus var i endring på 1950-talet. Sentraliseringa tok til, og Midtbygda skule på Garlaus vart bygd på slutten av 1950-talet og teke i bruk i 1960. Då vart det slutt med skulen i Øverbygda. Dette skjedde ikkje utan motstand og stor diskusjon, fordi det vart naudsynt med skulebornkjøring, og livet i grendene mista noko av den gamle vitaliteten når skuleungane og læraren ikkje høyrde grenda til slik som før. Eg er sikkert ikkje den einaste som har merka forskjellen på å samlast i ei skulestove der det til dagleg er liv og meiningsfylt arbeid, i høve til i ei nedlagt skulestove.

 

Messe på fleire plassar

Messene kunne også vere i private heimar. Langvegg i Espedalen var spesielt. Der var far eit par gonger i året, og det var lang veg dit gjennom Kvikne og Skåbu, ned den bratte vegen til Kamfoss og innover Espedalen. Det var ikkje til å skjønne at ein stor del av Espedalen hørte Sør-Fron til og ikkje Vestre Gausdal eller Nord-Fron, men det er klart at kommunegrensene her var frå ei tid da fjellviddene og ressursane der var svært viktige for livsgrunnlaget i dalføra. På Langvegg vart vi vel tekne i mot av Pauline og Olga Langvegg. Våningshuset der vart skakkare og skakkare for kvart år, og skeivare golv kan eg ikkje hugse å ha sett nokon stad. Men det var svært gjestfritt, og stor oppdekning med middag, kvit duk og fisk frå Espedalsvatnet før det var heimferd. Ein og annan hytteeigar var ofte med på messene på Langvegg, og etterkvart kom det kyrkje på Verksodden i Espedalen som vart vigsla 14. juli 1974 av biskop Alex Johnson.

Om sommaren var det gjerne setermesse, det kunne vere mellom anna på Kristensetra og på Jetlundsetra på Vendalen, eller det kunne vere på private hytter. På setrene var det kvitskurte golv og einer strødd utover når vi kom. Bygdefolket møtte på desse messene på ein annan måte enn i hovudkyrkja. Dette var noko som var av betydning i grenda eller nabolaget, og folk møtte opp. Det var lettare å gå over dørstokken på ei setermesse enn i Sør-Fron-kyrkja. Mitt minne av dette er ein jamn harmoni med mykje velvilje og sosialt fellesskap mellom folk, og med kvinner som dei viktigaste drivkreftene.

 

Jul på Lillehove

Om ettermiddagen på julekvelden las far juleevangeliet på gamleheimen ovanfor Lillehove. Vi var som regel med heile familien, og det var ofte kaldt og snøkvitt, og snøen knirka under skoene når vi gjekk langs Gamlevegen. Vi gjekk heim til vår eigen julekveld samstundes med at det var helgekveldsringing frå kyrkjetårnet mellom kl 17 og 18. På gamleheimen var det høgtideleg og roleg stemning, med alle dei gamle som ikkje kunne gå i troppene samla på gangen oppe, eller på romma sine med ope dør. Vi var med rundt og helste på. Far og mor kjende alle saman, og mange av dei gamle visste namna på oss ungane. Det vart fyrt i store, svarte vedomnar. I stova nede var det oppdekning med kaffi og julebakst og kvit duk.

Foreningsarbeid

Far og mor var mykje borte om kveldane. Eg likte det best når dei var heime. Far og ofte mor, møtte gjerne når det var misjonsmøte, og dei var det mange av. Ein og annan gong kunne vi borna vere med. Der var det vaksne kvinner med kaffikopp, bunding, utlodding, samtale og høgtlesing om tilhøva i fjerne land. Det å drive misjonsarbeid var sentralt i kyrkja, og var ein samlande aktivitet og eit felles ansvar i heile kyrkjelyden, ikkje berre hjå dei som brukte å gå til kyrkje. Forteljingar om livet og virket til misjonærar som Jonn Engh, Lars Skrefsrud, David Livingstone og Albert Schweitzer var godt kjende av dei fleste, og motiverte folk til å gje av det dei hadde til folk i andre verdsdelar som hadde mindre og der det var misjonsaktivitet. Årviss basar på Kommunehuset var ei sosial hending og viktig for innsamlingsarbeidet til misjonen.

Misjonsarbeidet var kvinnestyrt og kvinnedominert. Det same var tilfelle med sanitetsforeningsarbeidet og husmorlaget, som ikkje var ein del av arbeidet i kyrkjelyden, men som grensa inntil og var svært viktig for grende- og bygdefellesskapet, og for lokalt, praktisk helsestell. Mor var aktivt med i dette arbeidet, og minnet eg har av dette var grupper av sterke kvinner som sørgde for at familie og samfunn fungerte.

”Kyrkjestugu-jentene” høyrde med til desse gruppene av sterke kvinner – systrene Ane og Anna Kirkestuen, som budde på bruket Kirkestuen på nedsida av Sør-Fron-kyrkja. Vi brukte å kjøpe egg hjå dei. Dei var aktive i husmorlaget, saniteten og sjømannsmisjonen. Ane dreiv med amatørskuespel og var kåsør, og hadde lese mykje. Far deira, Petter Kirkestuen, kan eg såvidt hugse. Han rydda og dreiv bruket. Han vart svært gamal. Han drog belgen i Sør-Fron-kyrkja i 25 år.

Soknerådet hadde ofte møte heime i prestegarden. Eg kan ikkje hugse at det var vanleg med skriftleg dagsorden og sakspapir. Rådet var ei viktig støtte for presten, og sume av rådsmedlemma tok attval mange gonger og var til stor hjelp og trufast støtte for foreldra mine. Eitt namn gjekk ofte att i alle år i prestegarden og kyrkjelyden, og det var Oddrun Nustad. For henne var inga oppgåve for lita eller for stor.

”Prest-Oline”

Mor ”arva” hjelp til særleg arbeidskrevjande oppgåver i huset, slik som husvask, baking til jul, slakting, storreingjering og hagearbeid. Det var Oline Korstadhagen – ”prest-Oline” – som var født midt på 1890-talet og kom frå Øygardshaugen oppi Baksida. Ho var svært dyktig i alt ho gjorde, og arbeidssam som få. Ho kom frå små kår og måtte som småjente ut på gjeting i fjellet. Flatbrødbaking, slakting og julebakst gjorde ho unna som ingen andre. Ho hadde ei arbeidsglede og ein arbeidskapasitet utan like. I yngre år hadde ho tent på fleire store gardar, mellom anna hjå Kristine Steig på Steig og hjå Lydia og Nils Bjerke på Bjørke. Det var læretida. Ho hadde teke til som prestefamiliehjelp hjå Marie Smemo da Johannes Smemo, seinare Oslo-biskop frå 1951 etter Eivind Berggrav, var sokneprest i Sør-Fron i 1933-1934, og seinare heldt ho fram hjå Gunnar og Irene Gundersen som var prestefolk i Sør-Fron før og under krigen, og hjå foreldra mine.

Oline var gift med Andreas, som var ein del eldre enn henne og som på sine gamle dagar for det meste sat i kjøkkenglaset heime hjå dei der han kunne sjå ned på storvegen og utover bygda, og der han sat og røykte pipe. Andreas var ein praktisk mann som tok i eit tak i slåttonna eller slaktinga. Oline og Andreas budde i Bratland, i ei lita tømmerstue med to rom, kjøkken og stove. Stova vart omtrent aldri brukt. Det var berre når det var høgtideleg besøk at stova vart nytta. Dei levde og sov på kjøkkenet, der det var vedkomfyr og utslagsvask med kaldt vatn, og lem i golvet ned til ein liten kjellar som var brukt til å lagre mat kaldt. Utedoen var borte ved Bjørkebekken. Dei hadde ei stor kjøkkenklokke på ei hylle i eit hjørne, av det slaget som slo kvar halve time med god klang, og så var det eit romantisk Kristusbilde på veggen og eit fotografi frå Akershus festning der frigjeringa vart markert i 1945.

Om sommaren flytta dei ut av det vesle tømmerhuset og inn i ei enda mindre hytte som dei kalla Petiko og som låg heilt innved bekken som gjekk gjennom hustomta deira. Eg var mykje i Bratland, og det mangla aldri på noko, og dei hadde alltid god tid. Men når eg skal prøve å forstå kva dei levde av, så er eg ikkje sikker på kva det var. Pengar var det i alle fall ikkje mykje av. Dei hadde ein ganske stor hage som kasta godt av seg med grønsaker, poteter, bær og frukt, men Oline var vel så oppteken av eit stort staudebed ho hadde der det alltid blømte. Dei var umåteleg praktiske og kunnige om tilhøve som betydde noko for å mestre dei lokale tilhøva. Så ein dag arva Andreas ein del pengar frå ein tvillingbror som var avliden i USA. Ein kunne tru dei ville kjenne det som ei lette, noko som kunne gjera framtida deira meir sutalaus, men slik eg hugsar, det var desse pengane meir til bekymring enn til glede.

 

Butikken på Garbu

Rundt Garbu var det liv og røre, med folk støtt og handel. Inne på butikken sat det gamle karar og rødde og røykte pipe så røyken kunne liggje tett. Hesteskyss og ein og annan bil var framkomstmiddel. Nokre få gonger i veka kunne vi ungane bli sende på butikken for å handle. Vi gjekk opp Garlaus og til Garbu, og attende same vegen. Eg kan aldri hugse at veska eg hadde med var full eller tung å bera.

Øverbygdsvegen går forbi Garbu, og der kjørte også postmannen Johannes Aspen. Posten var svært viktig i presteheimen, både fordi privat og offentleg kommunikasjon ofte skjedde pr brev, og fordi vi abonnerte på ein haug aviser, både dei lokale, Oslo-aviser og lokalavisa der mor kom frå (Drammen). Og så var det tidsskrift i lange baner, misjonsblad og mykje anna som vi fylgde med i. Vi las alt vi kom over av aviser, og var betre orienterte om verdstilhøva enn nå når informasjonskanalene er mykje breiare enn dei var den gongen. Formidlinga var kanskje vel så kunnig og god for 50 år sidan som i dag. Avisene og radioen overlet ganske mykje til fantasien, og som barn hadde eg indre bilete som var mykje rikare av byar og stader i andre verdsdelar, enn det eg oppfatta når eg som vaksen kom og fekk sjå realitetane.

Oppvekst på prestegarden på 1950-talet

I eit tilbakeblikk, korleis var det å vekse opp på prestegarden i Sør-Fron på 1950-talet og framover? Barndommen er vel fyrst og fremst prega av familien, og slik var det også med min barndom. Foreldra mine hadde gode år i Sør-Fron. Eg trur far var velkomen overalt, og det var ikkje kyrkjeleg fraksjonsverksemd i bygda, slik ein kunne finna andre stader i landet. Kyrkja stod sterkt som institusjon, medan flokken av trufaste kyrkjegjengarar var liten.

Sør-Fron var frå gamalt ei av dei rikaste bygdene i Gudbrandsdalen. Kyrkja frå 1789 ber vitnemål om velstand mellom bøndene og ein sterk vilje til å manifestere dette ved å byggje eit storfelt kyrkjehus. Men Sør-Fron hadde også ein ganske stor klasse av eigedomslause som hadde lite å greie seg med. ”Fattig-Fron” kunne vere ei nemning som vart brukt om desse. Etter kvart som vi ungane voks til, så skjønte vi nok at det var stor politisk spennvidde i bygda.

Sør-Fron var blant dei aller fyrste bygdene i landet som fekk Arbeiderparti-ordførar, om ikkje den aller fyrste, og dermed braut med det tradisjonelle bondestyret. Egil Hernæs vart ordførar i 1928 og hadde vervet heilt fram til han døydde tidleg på 1960-talet. Han var òg stortingsmann. Han hadde gode kontakter hjå dei sentrale styresmaktene og dreiv utviklinga i bygda fram mellom anna som ei av dei fyrste kommunane som fekk linedelt ungdomsskule rett før 1960, tidleg nok til at alle vi prestungane gjekk der. Dette var ei stor og viktig reform som utvida den obligatoriske skulegangen frå 7 til 9 år. Ikkje minst i Sør-Fron var dette viktig, sidan bygda ikkje hadde realskule, og det var innleiinga til den store omveltinga som kom utover 1960-talet da fleire og fleire landsungdomar gjekk gymnaset og tok høgare utdanning.

Foreldra mine kom som prestefolk berre fire og eit halvt år etter at andre verdskrigen var slutt, og 1950-talet var etterkrigstid. Som gut syntest eg at krigen som dei vaksne kunne snakke om, var svært fjern og høyrde ei anna tid til. Men sett i det store perspektivet, så er det klart at tilhøva i bygda og mellom folk i mange sett var ganske prega av at krigen låg like bakom dei, og at det i Sør-Fron meir enn dei fleste stader kunne vere slik at nær skylde eller naboar hadde stått mot kvarandre som ei fylgje av ulike standpunkt og handlingar under krigen. Eg kan ikkje hugse at dette var eit samtaleemne i min barndom, i alle fall ikkje slik at vi ungane fekk høyre det, og i dag ligg dette meir enn to generasjonar bakover i tid. I eit større perspektiv kan ein seie at hendingane så langt tilbake er ein del av ein generell resonnansbotn i oss, meir enn noko personleg. Samstundes er det ei oppgave for historikarar å dokumentere avgjerande kjensgjerningar og korleis samfunnutviklinga og livet til den enkelte av oss, kan vere styrde av desse.

Lagt ut her på bloggen første gong i mai 2013.

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn

One response to “Oppvekst på Sør-Fron prestegard

  1. DAG SKURDAL

    Korrigering.

    Vil takke Øystein Hov for skildringa av oppveksten i prestgarden på Sør-Fron. Voks sjøl opp i bygda og gjekk alle 7 barnetrinna på Nerbygda skule 1947-1954. I denne perioda var skulen 4-delt; 1. kl. for seg, dei neste trinna to og to saman. Skjønar at barnetalet auka og hadde klasser på alle 7 årskulla seinare.

    8. året gjekk eg på Sør-Fron Framhaldsskule.

    Her er det ein liten feil i artikkelen hass Øystein når han skriv at innføringa av linedelt ungdomsskule utvida grunnskulen frå 7 til 9 år. Det rette er frå 8 til 9 år.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s