
Flott 95-åring! Anne Marie Tron har framleis glimt i auget, og med hugs som ein ungdom har ho mykje å fortelje frå eit langt liv. Ho følgjer nøye med på kva som skjer, ikkje minst på Facebook!
OLE CHR. RISDAL: Anne Marie Tron blei fødd på Isum i 1918. Som vanleg var på den tida, måtte ho tidleg lære seg til å arbeide. Nokre av dei finaste barndomsminna ho har, er livet på setra. I 1937/38 skulle også seterlivet bli foreviga. Det var den kjende filmfotografen Paul Berge frå Fåvang som sytte for det. Han laga fleire opplysningsfilmar for å dokumentere jordbruket i Noreg. Du kan lese meir om han i Årbok for Gudbrandsdalen 1999. For mange år sidan blei det også laga eit NRK-program frå Isum, der Anne Marie og dei fire syskena hennar, Iver, Ragnhild, Pauline og Tor, deltok. I det programmet blei det også vist klipp frå denne gamle filmen, der Ragnhild, Pauline og Tor var med. Historielaget har hatt originalen i mange år, men no er den endeleg digitalisert. Her kommenterer ho sjølv det ho var med på for 75 år sidan. (Publisert her første gong 29.11.2013)