Den bitre stiden om Koloa

Det var Kollokassa som betalte for denne minnesteinen på Sinclairs grav, laga av Per Hanson Lien, og reist i 1860 til 250 års-markeringa i 1862. . (Frå kringen1612.no)

 

EINAR HOVDHAUGEN: Busetnaden på Koloa står i ei særstilling og har neppe nokon fullstendig parallell andre stader i dalen. Heilt til på 1600 talet må Koloa ha lege som ein øye skogstrekning mellom Kjørum og Brebygda. Det er først på 1600-talet, da eit visst folkepress gjer seg gjeldande, at rydding av  Koloa blir aktuelt. Dete blir ein strid mellom rydningsmennene og bøndene.

På 1700-talet er ein del rydningsmenn gått igang med å rydde seg nye bruk i utmarka på Kola. Bøndene i Kvam hevda at dette var deira allmenning, og at rydninga var eit inngrep i deira allmenmningsrett. I 1730 er det strrid mellom rydningsmennene og bønder i Kvam om rydningan på Kola. I 1763 vart saka granska. Styresmaktene synast å ha stilt seg heller velvilleg til rydninga. Frå 1765 har vi ein søknad frå Ole Bjørkestugun på Fron om å få rydde i «Coloen Skov og Mark.» Same året klagar OIe Leine og fleire kvamsværar over ryddinga. I 1770 søker Kvam almue, det vil seie bøndene, om at «et stykke mark», Koloa, «maatte blive bevaret som deres Eiendom.»

Bøndene fekk rett. Rydningsmennene tapte striden. Men ryddinga kunne ikkje stansanst. Vi får her det underlege tilfelle at rydningsmennene på Koloa ikkkje blir husmenn på nokon enkelt gard, men bygselmenn eller husmenn til Koloalmenninga, som bøndene i Kvam eig. Dermed hadde bøndene ryddinga under kontroll. Vi får ein fellesinstitusjon, Kolokassa, som dei svarar leigeavgifter av plassane til. Leilendingane på Koloa vart rekna som husmenn under bygda. I ei liste frå 1828 er det oppført 13 slike Kolloplassar: Slettkolo (2 plassar), Botten, Moen (3 plassar) Bjørkerusten (2 plassar), Rustum, Ruststugu, Kloppen, Vollastugu og Myrom. Men det var fleire.

Den årlege leige av plassane i kontante pengar synast å ha vore sett rimeleg. Midlane som kom inn, vart forvalta av Kollokassa og vart visstnok nytta til felles tiltak for bøndene i Kvam, eller delt ut etter skylda på gardane.

I 1860 tok bøndene på eit møte i Kolokassa opp spørsmålet om å selje Koloplassane til Kolokassa med 5 pst. årleg avdrag og 5 pst . rente av restkapitalen. Etter si tid må det seiast å vera rimelege vilkår. Kolokassa kom faktisk til å fungere som ein slags lokal småbruksbank. Kjøpesummen varierte etter plassane. Avdraga som kom inn, vart utdelt på dei gamle eigarane etter skylda. Den siste og endelege utdelinga gjekk for seg i 1899.

Av bruk selde av Kolokassa kan nemnast Kolomoen øvre, Bjørkerusta nedre, Ruststugu, Kloppen, Myrom, Vollastugu, Rustom, Løften nørdre, Løften mellom, Løften søre, Ivastugu, Leirbakken (?), Synnafor, Moen, Moen nødre, Klomstadhauglia, Klomstadøylia, Slåttøylia, Vårseterlia, Saltlaupen og Lundelia.

Rydningshistoria for Koloa er ein interessant bolk av rydningshistoria i bygda. Faktisk er det ei heilt ny bygd som her blir skapt på 1700-talet og sist på 1600-talet. Striden om rydningane på Koloa var i si tid bitter, men løyste seg etterkvart på ein tilfredsstsillande måte ut frå tilhøva i tida.

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s