Folkepresset i grågrenda Skåbu

Skåbu google

Skåbu: Heimar med små jordlappar og nakne stuguer er bygde, forlatte, og nye heimar oppstått. Bilde frå Google maps.

EINAR HOVDHAUGEN: Det synast som skåbyggingane, i motsetnad til mange andre stader, har hatt eit romsleg syn på busetting i allmenninga. En stad måtte dei plassere folkeoverskottet. Og Skåbu hadde den fordel, framfor bygdene nede i dalen, at jakt og fiske der verkeleg var ein viktig leveveg, noko som kom småkårsfolk til gode.

Auken i folketalet sist på 1700-talet, og serleg i første halvdel av 1800-talet, skapte eit folkepress om stadig utvida busetnaden, serleg mot utkantane. Det voks fram ei talrik underklasse, som levde under karrige og ofte lite menneskeverdige kår, og som etterkvart vart sterkt proletarisert: Jordbruket var åleine om å absorbere folketilveksten, men sjøl med ei maksimal utnytting av ressursane, var det uråd for bygda å makte dette på ein tilfredsstillande måte.

Få stader ser vi resultatet tydelegare av dette folkepresset enn i det som er kalla  Skåbu allmenning. Kor langt tilbake busetnaden der går, er ikkje godt å seie, men stort sett hører han 1800-talet til. Heimar med små jordlappar og nakne stuguer er bygde, forlatte, og nye heimar oppstått. I 1865 bur det 134 menneske i 26 heimar i Skåbu allmenning. Sju av desse er karakterisert som husmenn. Dei andre blir gjerne kalla inderstar, og det blir sagt at dei bur i ei stugu eller er husmann utan jord. I nokre få tilfelle har ikkje stugu fått namn. Vi merkar oss at heller mange er oppført som jegarar og fiskarar av yrke. Vi har tre skomakarar, to skreddarar og ein smed. Ein del må ha hjelp av bygda for å eksistere, og betling ser ut til å ha vore ein del av levevegen for ein del av dei.

Slik fortonar denne grågrenda seg i 1865. Ei grend skapt av folkepresset, men som i 1865 utgjer ein ikkje så heilt liten prosent av folket i Skåbu. Akkurat på denne tida var folketalet på topp. Nå sette utvandringa til Amerika inn med full styrke, og etterkvart letna folkepresset.

Over halvparten av dei heimane som eksisterte i 1865, er i dag borte.

Frå Gardar og slekter i Fron, bind 2. Les meir om bureising i Skåbu her.

Kommenter innlegget

Filed under Jakt og fiske, Jordbruk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s