Harald Rudi

Harald Rudi

Nå står basen roleg i Sødorp, men vi kan høyre han på dei mange innspelingane han gjorde som aktiv musikar.

RASMUS STAURI: Harald Rudi døydde 5.12.2014. Han var ein velkjent mann, ikkje berre i Fron. Han vart vel 75 år og hadde vore sjuk ei tid. Harald Rudi hadde arbeidslivet sitt i skuleverket og var fram til pensjonsalder tilsett ved Sødorp skule.

Harald skreiv to artiklar for Fronsbygdin, den eine, Calle Jularbo på Vinstra, stod på trykk i 2004 og den andre, Basen etter Pål Kluften,  i 2006. Båe artiklane handla om musikk og ikkje minst om det folkelege festlivet og hans eiga rolle som spelmann. For Harald Rudi var spelmann. Musikkinteressa vart vekt tidleg – artikkelen hans frå 2004 fortel levande om dette. Ein må kjenne suget etter tonar og kjenne tonen og musikken inni seg. Det sa han mange gonger. Det var derifrå det kom – innantilfrå, sa han. Han fekk da også eit langt musikkliv, ikkje minst i Arne Bergets kvartett, der han spelte bass i 17 år, – på det mest hektiske spelte dei til dans fleire gonger i veka. Og han opplevde mykje.

Trekkspelaren Jon Faukstad skreiv i artikkel i Årbok for Gudbrandsdalen (2000):

I radioen og på plater høyrde kontrabass oftast med i den musikken vi prøvde å etterlikne, enten det nå var trekkspelmusikk eller jazz, så Harald Rudi og bassen hans vart etterspurd. Det er knapt nokon her i dalen som har spelt meir til dans enn han.

Ja, han var etterspurd fordi han var god, og jazz og swingmusikk låg kanskje hjarta han nærast. Kanskje derfor han gav ut ei CD plate med Reidar Svaes orkester på Lillehammer. Elles var han bassist på mange produksjonar med ulike utøvarar, og han fekk Spellemannprisen saman med Land Spellmannslag. Elles vil mange med glede hugse den store innsatsen han gjorde for Peer Gynt-stemnet og Trekkspeltreffen i mange år. Han drog kjende musikarar til Vinstra, presenterte desse på ein profesjonell måte og stod fram som poengtert og kunnskapsrik. Dette fall han lett, ikkje minst fordi han var så trygg sosialt – han hadde gode sosiale evner og kunne prate med alle på ein hyggeleg og sikker måte. Han hadde eit lett og ljost sinn. Eg opplevde Harald Rudi som trufast og vennekjær. Han var glad i bygda si, i dølen og Gudbrandsdalen, men han fekk også eit namn i Sverige, dit han reiste mange gonger om somrane på stemne med sin nære spelvenn Roy Enger og instrumentet, basen «Sara». Nå står basen roleg i Sødorp, men vi kan høyre han på dei mange innspelingane han gjorde som aktiv musikar. Og au tenkje attende på dei gode råkåfiskane han hadde lagt til jul i mange år. Roy Enger framførte melodien «L´hymne à l´amour» i minnestunda på Fefor. Eit rett melodival. Dei mange som følgde han til grava, er eit stort bevis på at han sette spor og vil bli sakna.

Arne Bergets kvartett var en av de toneangivende gammeldansgrupper på 80 tallet. Hans H. Holen på fele, Arne Berget på trekkspill, Terje Kaas på gitar og Harald Rudi på bass.

 

 

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn, Musikk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s