
Vegen til Veikle gjekk via Napoleon: «Han ruvde lite da han gjekk av skipet, men da han kom på hesteryggen, tok han seg røsleg ut.»
IVAR KLEIVEN: Knut Veikle var ein husmannsgut frå ein plass under Kjørøm som heitte Gamelsletta. Da han nådde soldatåra, var han ein kar som heldt sine 3 alner på høgd, framifrå velvaksen og ein utskjølt staut og vakker ungdom, og derfor vart han skrive til «livgarden» tilfots i København og stod ved ho ei tid. Da det leid om ei tid, kom det ein grøyve (greve) som heitte Baudison, som hadde lov til å leite seg ut eitt lakeiemne mellom gardistane, og han fall straks inn på Knut Gamelsletten, og Knut ga seg i teneste hos grøyva. Baudison reiste mykje i utlandet, og Knut var med han kor han for, så han kom til å sjå mykje og høyre ennå meir der dei ferdast.
Mellom anna såg han på inntoget hans Napoleon i Paris, da han kom att frå Elba i 1815. Han Knut tykte Napoleon ruvde lite da han gjekk av skipet, men da han kom på hesteryggen, tok han seg røsleg ut i sala. Da Baudison var i Rom, fekk han sjå paven og var i Peterskyrkja og såg vel på ho, og sidan alt, som er av gamal konst i den store staden. Det namngjetne eldsprutande berget Vesuv var Knut oppå ôg, men frå den ferda hadde han eit ohaugleg minne: Det var med ein franskmann på ferda, og han hadde vorte så lei livet sitt at han gjekk ut på brote og stupte seg beint ned i eldsvølgen.
Knut var lakei hos Baudison i mange år, og på den toda læret han seg både tysk, fransk og italiensk, så han kunne tala dem godt, men til omgangsmål i dagleg lag tala han dansk, og det målet brukte han etter han kom att til heimbygda ôg. Boklege kunnskaper åtte han nok ikkje liv for, og kunne nok berre såvidt skrive namnet sitt. Han kom att i heimbygda som ein rik mann. Baudison døde da dei var i Italia, og han testamenterte til Knut det meste av dei lause medela sine, og fekk elles ein årleg pensjon
Ei tid etter at Knut kom til Kvam att, døde mannen på Veikle, og enkja sat att i så tronge høve at det kunne spøkje for at ho kom til å gå frå garden. Presten, Petter Scnnitler, var formynder for enkja, og han hadde funne ut at dersom det kunne vorte giftarmål mellom Knut og enkja, hadde garden vorte berga for slekta. Presten gat på dette til enkja, men ho ga korkje ja eller nei til svar. Han hadde nok nemnt det same til Knut ôg, og han trengde ikkje lang omtenkjingstid. Ein dag kom han til Veikle, helsa på enkja og sa med det same frå kva ærende han kom i. «Jeg kommer for å fri til deg, jeg,» sa han. Og Veiklenkja slo til – det kan hende ho ikkje hadde nokon stor hug til det, «men eg ha lote ti’i om dæ så ha vore’n Frik Kloppan, eg, når eg berre kunn» berge gar’n», sa ho.
Samlivet mellom dei to vart korkje låkt eller olykkeleg. Knut brukte den store gar’n til eldste sonen til enkja vart vaksen. At Knut kunne vera nokon skjønsam og drivandest gardbrukar var ikkje å vente, men han hadde penning og heldt garden og drifta i det gamle stødet. I giftarmålet fekk han ein einaste son.